Kraftig auke i forskingsmidlane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
I statsbudsjettet for 2006 foreslår Regjeringa å auke dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) med om lag 1,4 milliardar kroner. I tillegg foreslår Regjeringa å auke kapitalen i fondet for forsking og nyskaping med 39 milliardar kroner til 75 milliardar kroner. (14.10.05).
Pressemelding
Nr.: 068-05
Dato: 14.oktober
Kraftig auke i forskingsmidlane
I statsbudsjettet for 2006 foreslår Regjeringa å auke dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) med om lag 1,4 milliardar kroner. I tillegg foreslår Regjeringa å auke kapitalen i fondet for forsking og nyskaping med 39 milliardar kroner til 75 milliardar kroner. Det gir ytterlegare 1,4 milliardar kroner til forskingsformål i 2007, gitt den renta vi har i dag.
Regjeringa har som mål at den samla satsinga på forsking og utvikling skal auke til 3 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP) innan 2010. Den offentlege satsinga skal utgjere 1 prosent av BNP. Budsjettforslaget inneheld ein opptrappingsplan for den offentlege forskingsinnsatsen fram mot 2010. I planen er det rekna med eit årleg vekstbehov over statsbudsjettet på om lag 1,3 milliardar kroner.
Med forslaga til vedtak i 2006-budsjettet sikrar Regjeringa vekst i tråd med planen dei to første åra. I opptrappingsplanen går Regjeringa òg inn for å auke fondet for forsking og nyskaping med ytterlegare 25 milliardar kroner til 100 milliardar kroner i 2007. Regjeringa har med det sikra eit svært godt grunnlag for å nå måla i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning.
I tråd med forskingsmeldinga styrkjer Regjeringa løyvingane til grunnforsking, internasjonalisering og forskingsbasert nyskaping og innovasjon.
Regjeringa vil leggje til rette for auka rekruttering til forsking og betre vilkår for langsiktig, grunnleggjande forsking og foreslår mellom anna
- å opprette 350 øyremerkte stipendiatstillingar frå hausten 2006 (250 blir foreslått fordelte direkte til universitet og høgskular, 100 er lagde til ei ny ordning med frie stipend i Forskingsrådet, der kvalitet og originalitet skal vere dei einaste tildelingskriteria)[JOH1]
- å styrkje løyvinga til fri prosjektstøtte i Forskingsrådet med 50 millionar kroner
- å styrkje basisløyvingane til miljøforskingsinstitutta og dei teknisk-industrielle institutta
- å etablere ei ordning for å finansiere små driftsmidlar
- å opprette ei ordning for å auke private donasjonar til grunnforsking
- å øyremerkje avkastinga av 12,5 milliardar kroner frå dei auka midlane i forskingsfondet i 2006 til vitskapleg utstyr i 2007
Innanfor forskingsbasert nyskaping og innovasjon foreslår Regjeringa ein kraftig auke i løyvingane til brukarstyrt forsking, forskings- og utviklingskontraktar og kommersialisering av forskingsresultat. Samla blir det foreslått ein vekst på rundt 250 millionar kroner til desse formåla over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet. I tillegg kjem midlar frå andre departement. Det blir òg lansert to nye større satsingar: Senter for forskingsdriven innovasjon[JOH2] , som skal fremje langsiktig forskingssamarbeid mellom akademia og næringslivet, og Norwegian Centres of Expertise, som skal styrkje dei regionale nettverka mellom FoU-institusjonar, næringslivet og styresmaktene.
Regjeringa vil sikre at petroleumssektoren held fram med å vere ein viktig bidragsytar til finansieringa av velferdssamfunnet. Løyvingane til petroleumsforsking er derfor foreslått utvida med til saman rundt 100 millionar kroner over budsjetta til Olje- og energidepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.
Budsjettforslaget inneber òg ei styrking av internasjonalt forskingssamarbeid. Forskingssamarbeidet med Nord-Amerika blir styrkt over budsjetta til fleire av departementa. Regjeringa foreslår dessutan å auke løyvingane til internasjonal romforsking og polarforsking.