Historisk arkiv

Auka studiestøtte og midlar til å modernisere Lånekassa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Regjeringa foreslår å auke studiestøtta til studentar. Det er òg gjort framlegg om å løyve 93,5 millionar kroner til å modernisere Lånekassa for å sikre raskare og tryggare søknadsbehandling, mellom anna gjennom eit nytt IKT-system. (14.10.05).

Pressemelding

Nr.: 069-05
Dato: 14.oktober

Auka studiestøtte og midlar til å modernisere Lånekassa

Regjeringa foreslår å auke studiestøtta til studentar. Det er òg gjort framlegg om å løyve 93,5 millionar kroner til å modernisere Lånekassa for å sikre raskare og tryggare søknadsbehandling, mellom anna gjennom eit nytt IKT-system.

For å sikre eit godt servicenivå i moderniseringsperioden er det foreslått å auke driftsbudsjettet i Statens lånekasse for utdanning med om lag 11 millionar kroner i 2006. Samtidig blir gebyret for førstegongsvarsel på 35 kroner for kundar som vel e-faktura, foreslått fjerna.

Som eit ledd i moderniseringsarbeidet er det òg foreslått enkelte mindre endringar i regelverket for utdanningsstøtte for å gjere reglane enklare å følgje for kundane.

Auka lån og stipend
Regjeringa foreslår å auke basisstøtta til studentar i høgare utdanning frå undervisningsåret 2006–2007. Basisstøtta blir foreslått auka frå 8 000 kroner til 8 140 kroner per månad, der stipenddelen utgjer inntil 40 prosent av beløpet (3 255 kroner per månad). Forslaget gjeld for alle elevar og studentar med unntak av unge elevar som tek vanleg vidaregåande opplæring. Alle andre satsar i Lånekassa blir vidareførte på same nominelle nivået i undervisningsåret 2006–2007.

Auka lån til skulepengar for studentar og elevar ved private lærestader
Frå og med undervisningsåret 2006–2007 foreslår Regjeringa at lån som skal dekkje skulepengar for elevar og studentar ved private lærestader, blir auka frå 20 860 kroner til 50 000 kroner per undervisningsår. Forslaget gjeld alle elevar og studentar ved private lærestader som tek anna utdanning enn vanleg vidaregåande opplæring.

Auka støtteperiode for Ph.D.-studentar i utlandet
Frå undervisningsåret 2006–2007 skal Ph.D.-studentar i utlandet få auka den totale støtteperioden gjennom Lånekassa frå åtte til ti år.