Historisk arkiv

350 nye doktorgradsstillingar og nye universitets- og høgskulebygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Regjeringa vil prioritere midlar til 350 nye doktorgradsstillingar ved universitet og høgskular frå hausten 2006. Løyvingane til Kvalitetsreforma på 1 144 millionar kroner blir vidareførte på same reelle nivå og gjorde permanente.

Pressemelding

Nr.: 067-05
Dato: 14.oktober

350 nye doktorgradsstillingar og nye universitets- og høgskulebygg

Regjeringa vil prioritere midlar til 350 nye doktorgradsstillingar ved universitet og høgskular frå hausten 2006. Regjeringa foreslår å gi 10 millionar kroner i starttilskot til nybyggprosjektet Samisk vitskapsbygg i Kautokeino og 30 millionar kroner til å rehabilitere Sørhellingabygget ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Løyvingane til Kvalitetsreforma på 1 144 millionar kroner blir vidareførte på same reelle nivå og gjorde permanente.

Dette er hovudpunkta i budsjettframlegget for høgare utdanning. Samla er det foreslått å løyve nær 20,3 milliardar kroner til universitet og høgskular. Som følgje av auken i talet på avlagde studiepoeng gir den resultatbaserte undervisningsfinansieringa av universitet og høgskular ein auke på om lag 156 millionar kroner i forhold til 2005-budsjettet.

350 nye doktorgradsstillingar
Regjeringa foreslår å løyve om lag 132 millionar kroner til dei 100 doktorgradsstillingane som blei oppretta hausten 2005, og til 350 nye doktorgradsstillingar frå hausten 2006. Av dei 350 nye stillingane blir 250 lagde til universitets- og høgskulesektoren, mens 100 blir lagde til Noregs forskingsråd. Av stillingane i universitets- og høgskulesektoren går 185 til universiteta, 15 til dei vitskaplege høgskulane og 40 til høgskulane. I tillegg er det fordelt fem doktorgradsstillingar til Universitetssenteret på Svalbard og fem til Studieprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid.

Nye bygg og nytt utstyr
Regjeringa foreslår ei rekkje løyvingar til nye bygg og nytt utstyr:

  • 10 millionar kroner til nybyggprosjektet Samisk vitskapsbygg i Kautokeino
  • 30 millionar kroner til å rehabilitere Sørhellingabygget ved Universitetet for miljø- og biovitskap
  • 130 millionar kroner til å vidareføre byggjeprosjekta ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo (IFI II) og til å samlokalisere Høgskolen i Vestfold
  • Ei samla løyving på 172 millionar kroner til utstyr og husleige til bygga ved Noregs musikkhøgskole, høgskulane Nesna og Østfold, Universitetet i Stavanger, Studentsenteret ved Universitetet i Bergen og Svalbard forskingspark

Breibandssatsing
Regjeringa foreslår å løyve 12,6 millionar kroner til å byggje ut nettinfrastrukturen ved norske forskingsinstitusjonar. Gigacampus-prosjektet skal gi standardisert opprusting av den lokale campusinfrastrukturen og den lokale IKT-kompetansen ved institusjonane. Tiltaket skal fremje kostnadseffektive og gode fellesløysingar og føre til ein kraftig auke i trafikkapasiteten, slik at tenestene når fram til brukaren på ein rask og sikker måte.

Meir til Holocaustsenteret
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteters stilling i Norge med 5 millionar kroner som ei eingongsløyving i 2006. Løyvinga utgjer med dette 22 millionar kroner i 2006. Senteret driv verksemd knytt til forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål. Barn og unge er ei viktig målgruppe for verksemda ved senteret.

Styrking av private høgskular
Regjeringa foreslår å styrkje løyvingane til Mediehøgskolen Gimlekollen med 2 millionar kroner knytt til nye studietilbod. Vidare foreslår Regjeringa å styrkje Rogaland Høgskole, Misjonshøgskolen i Stavanger og Norges Informasjonsteknologiske Høgskole med til saman 4,8 millionar kroner.

Styrking av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
I framlegget til budsjettet har det å sikre og utvikle kvaliteten i høgare utdanning høg prioritet. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er eit uavhengig statleg organ som skal utvikle og kontrollere kvaliteten ved norske høgare utdanningsinstitusjonar. Regjeringa foreslår å styrkje NOKUT med 4,2 millionar kroner i 2006.

Nordlysobservatoriet på Svalbard
Regjeringa foreslår å løyve 2,5 millionar kroner til å drive ein feltstasjon for nordlysobservatoriet på Svalbard.

Orientering om forslag til statsbudsjettet for universiteter og høyskoler

Kontaktperson: Erik Bolstad Pettersen, tlf. 22 24 77 31, Universitets- og høgskuleavdelinga