Fleire doktorgradsstillingar og meir til utstyr
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 067-04
Dato: 6.oktober
Fleire doktorgradsstillingar og meir til utstyr
Regjeringa vil prioritere midlar til 100 nye doktorgradsstillingar ved universitet og høgskular frå hausten 2005. Til utstyr i samband med byggjeprosjekt i universitets- og høgskulesektoren foreslår Regjeringa ein auke på 175 millionar kroner. Løyvingane til Kvalitetsreforma blir vidareførte.
Dette er sentrale punkt i budsjettframlegget for høgare utdanning. Samla er det foreslått å løyve 19,3 milliardar kroner til dette området. Det er ein auke på om lag 3,6 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2004.
Den høgaste prioriteten for Regjeringa innanfor høgare utdanning er å sikre at Kvalitetsreforma blir gjennomført. Denne reforma blei fullfinansiert med ei løyving på 1144 millionar kroner i 2004, som blir vidareført i 2005. Den resultatbaserte undervisningsfinansieringa av universitet og statlege og private høgskular gir samtidig ein auke på om lag 274 millionar kroner i forhold til 2004-budsjettet som følgje av auke i talet på avlagde studiepoeng. Ein stor del av auken kjem av redusert strykprosent og mindre fråfall. Det er teikn på at Kvalitetsreforma er på veg til å lykkast.
Private høgskular får ein auke i resultatbasert finansiering på 12 millionar kroner. I budsjettet for 2005 prioriterer Regjeringa å gi 2 millionar kroner i statstilskot til ein ny privat høgskule, Høgskulen på Jæren.
Nye stillingar og bygg
Regjeringa foreslår å løyve om lag 86 millionar
kroner til 100 nye doktorgradsstillingar frå hausten 2005 og til
dei 200 doktorgradsstillingane som blei oppretta hausten 2004. Av
dei 100 nye doktorgradsstillingane går 64 til universiteta, 9 til
dei vitskaplege høgskulane, 20 til dei statlege høgskulane, 4 til
dei private høgskulane, 2 til Universitetssenteret på Svalbard og 1
til Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid.
Samla løyving til utstyr er styrkt med om lag 175 millionar kroner i samband med byggjeprosjekt i universitets- og høgskulesektoren. Institusjonar som får auka løyving, er Høgskolen i Stavanger, Høgskolen i Østfold, Høgskolen i Nesna og Noregs musikkhøgskole. Vidare får Universitetet i Bergen auka midlar til utstyr til nytt studentsenter, og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet får auka midlar til utstyr til ny universitetsklinikk.
Det er prioritert å setje av om lag 30 millionar kroner til auka husleige til nye bygg ved Høgskolen i Stavanger, Høgskolen i Bodø og Høgskolen i Østfold.
Meir til Holocaust-senteret
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Senter for
studiar av Holocaust og livssynsminoritetar si stilling i Noreg med
14 millionar kroner, slik at senteret i 2005 får eit samla
driftstilskot på 17 millionar kroner. Senteret driv verksemd knytt
til forsking, undervisning og formidling på områda holocaust,
folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål. Løyvinga til
Falstadsenteret i Nord-Trøndelag blir foreslått auka med 2
millionar kroner i 2005, slik at stiftinga får eit samla
driftstilskot på 5,3 millionar kroner. Tilskotet skal nyttast til
eit opplærings- og dokumentasjonssenter for fangehistoria frå andre
verdskrigen og til humanitær folkerett og menneskerettar.
Tannlegar i Tromsø
Regjeringa foreslår å løyve til saman 22,9 millionar
kroner til den planlagde utdanninga for tannlegar i Tromsø som eit
ledd i ei gradvis oppbygging av kapasitet. Målet er å sikre tilgang
på tannlegar i Nord-Noreg og å betre kompetansen i regionen.
Færre studieplassar
Av omsyn til det samla budsjettopplegget er
budsjettramma for universitet og høgskular redusert med 78
millionar kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Det
tilsvarer ein reduksjon på 4000 studieplassar dersom reduksjonen
blir gjord i dei minst kostnadskrevjande studia. Den samla
reduksjonen blir likevel mindre ved at Regjeringa prioriterer
midlar til studieplassar innanfor enkelte utdanningar som
odontologi, jordmor, farmasi, psykologi, radiografi og yrkeslærar
og til forlenging av siviløkonomstudiet. Det er òg gjort nokre
omprioriteringar innanfor ingeniørutdanninga.
Det blir foreslått å løyve 124 millionar kroner til studentbustader. Det er ein reduksjon på 46 millionar kroner i forhold til 2004.