700 millionar til skulereforma
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 066-04
Dato: 6.oktober
Grunnopplæringa:
700 millionar til skulereforma
Regjeringa vil i 2005 løyve om lag 700 millionar kroner til reforma i grunnopplæringa som blei presentert i St.meld. nr. 30 Kultur for læring. Om lag 500 millionar kroner av løyvinga blir prioriterte til kompetanseutvikling for lærarar og skuleleiarar.
Utdannings- og forskingsdepartementet har utarbeidd ein strategi for kompetanseutvikling i perioden 2005–2008 som dei viktigaste aktørane i arbeidet – Kommunanes Sentralforbund og lærar- og skuleleiarorganisasjonane – har slutta seg til. Den foreslåtte løyvinga på 500 millionar kroner til kompetanseutvikling representerar den første delen av det store kompetanseløftet som er nødvendig for å gjennomføre reforma.
Av dei 500 millionane fell 300 millionar kroner på kommunar, fylkeskommunar og eigarar av frittståande skular. Kompetanseutviklinga skal ta utgangspunkt i kartlegginga av kompetansebehovet til den einskilde skulen og lærebedrifta og Strategi for kompetanseutvikling.
Utvikling av nye læreplanar er eit anna prioritert tiltak i grunnopplæringsreforma til Regjeringa. Det blir foreslått å løyve om lag 40 millionar kroner til å utvikle nye læreplanar i 2005.
Timetalet i grunnskulen er foreslått utvida med ytterlegare fire veketimar frå hausten 2005. Regjeringa vil nytte om lag 145 millionar kroner til det. Dette kjem i tillegg til auken på fem veketimar for skuleåret 2004/2005. I perioden 2002–2005 blir barnetrinnet samla styrkt med tolv timar i veka.
I forslaget til statsbudsjett blir det òg presentert ein framdriftsplan for korleis skulereforma skal gjennomførast. Regjeringa ser det som viktig at heile skulen samlar seg omkring arbeidet med nye læreplanar og kompetanseutvikling i samband med dei. Reforma skal setjast i verk frå hausten 2006 for 1.–9. trinnet i grunnskulen. Enkelte kommunar kan søkje om å få vente med å innføre nye læreplanar til hausten 2007, men samtidig blir det råd for kommunar å søkje om å få ta i bruk planane allereie frå hausten 2005. For vidaregåande trinn 1 skal reforma setjast i verk frå hausten 2006. Frå hausten 2007 blir reforma sett i verk for 10. trinnet i grunnskulen og for trinn 2 i vidaregåande opplæring. Hausten 2008 blir ho sett i verk for trinn 3 i vidaregåande opplæring.
Frå våren 2005 skal det gjennomførast nasjonale prøver i lesing, skriving, engelsk og matematikk for 4., 7. og 10. klassetrinnet i grunnskulen og grunnkurs i vidaregåande opplæring. Samiske elevar får prøvene i lesing og skriving på samisk. Totalt blir det sett av om lag 80 millionar kroner til drift og utvikling av dei nasjonale prøvene. Det inkluderer òg kompetanseutvikling for lærarar.
Samla blir arbeidet med kvalitetsutvikling i skulen styrkt med 300 millionar kroner til 730 millionar kroner. Det sikrar at skulereforma blir gjennomført, men gir òg rom for å vidareføre andre viktige kvalitetstiltak som er knytte til læringsmiljøa og det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa å redusere løyvinga til landslinjer på 41,5 millionar kroner. Den reduserte løyvinga kjem til å føre til at fleire tilbod, hovudsakleg innanfor musikk, dans og drama og idrettsfag, mister status som landslinje frå skuleåret 2005/2006.