Milliardauke til forsking
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 081-03
Dato: 8.oktober
Milliardauke til forsking
Løyvingane til forsking og utvikling aukar med 1,1 milliardar kroner. Det gir ein samla innsats innanfor forsking og utvikling på 13,8 milliardar kroner over statsbudsjettet.
Den auka innsatsen innanfor forsking og utvikling er i tråd med det årlege offentlege vekstbehovet for å nå OECD-snittet i 2005, slik det blei talfesta i opptrappingsplanen frå 2001.
Hovudprioriteringa til Regjeringa er å styrkje den langsiktige grunnleggjande forskinga både gjennom direkte løyvingar til institusjonane i universitets- og høgskulesektoren og gjennom Noregs forskingsråd.
Dei direkte forskingsløyvingane til universitet og høgskular aukar med om lag 300 millionar kroner. Dei auka løyvingane gir mellom anna rom for 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar frå hausten 2004. Budsjetta til universitet og høgskular blir styrkte med 517 millionar kroner i samband med at Kvalitetsreforma blir gjennomført.
Løyvinga til langsiktig grunnleggjande forsking gjennom Noregs forskingsråd er styrkt med 283 millionar kroner, inkludert avkastinga frå Forskingsfondet. Av det er om lag 140 millionar kroner ein eittårig auke i samband med at fordelinga av tippemidlane er endra.
Budsjettforslaget sikrar finansieringa av den første PET-skannaren i Noreg. PET-skanning er ein effektiv metode særleg innanfor kreftforsking og ‑diagnostisering, men òg innanfor psykiatri, nevrologi og hjarte-/karsjukdomar. Det er vitskapleg utstyr som alle universiteta og dei regionale helseføretaka skal kunne dra nytte av.
Løyvingane til vitskapleg utstyr aukar med 77 millionar kroner i 2004. Forutan midlar til PET-skannaren er 34 millionar kroner av auken øyremerkte til forskingsinstitutta. Vitskapleg utstyr innanfor nanoteknologien skal prioriterast. Den samla utstyrssatsinga over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet blir på 337 millionar kroner i 2004.
Regjeringa legg stor vekt på å styrkje det internasjonale forskingssamarbeidet. I EUs sjette rammeprogram for forsking er prosjekta meir omfattande enn i tidlegare rammeprogram. For at norske FoU-miljø skal kunne delta i desse prosjekta, er det eit stort behov for midlar som kan dekkje den nasjonale eigendelen. Utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å løyve 48 millionar kroner til EU-arbeid gjennom Noregs forskingsråd i 2004. Nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt skal prioriterast. Løyvinga til anna internasjonalt forskingssamarbeid i Forskingsrådet, med vekt på bilateralt samarbeid, er styrkt med 10 millionar kroner.
Det er eit mål for Regjeringa å auke kommersialiseringa av forskingsresultat og oppfinningar frå universitet og høgskular. Løyvingane til det er derfor styrkte med 11 millionar kroner over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet. 5,5 millionar kroner er sette av til å byggje opp kontor for teknologioverføring ved dei fire universiteta og Noregs landbrukshøgskole.
Regjeringa gjer òg framlegg om å styrkje dei tematiske områda marin forsking, forsking på informasjons- og kommunikasjonsteknologi, medisinsk og helsefagleg forsking og forsking i skjeringspunktet mellom energi og miljø. Styrkinga skjer over budsjetta til fleire av departementa, som Utdannings- og forskingsdepartementet, Fiskeridepartementet, Samferdsledepartementet, Helsedepartementet og Olje- og energidepartementet. Regjeringa foreslår å styrkje petroleumsforskinga med 28,5 millionar kroner over budsjettet til Olje- og energidepartementet. Auken skal brukast til å starte opp eit nytt stort petroleumsforskingsprogram i Noregs forskingsråd. Programmet skal mellom anna medverke til å utnytte og forvalte petroleumsressursane på ein effektiv og berekraftig måte.
Skattefunnordninga, som gir bedriftene skattefrådrag for investeringar i forsking og utvikling, blir vidareført i 2004. Nye overslag viser at ordninga truleg kjem til å gi norske bedrifter ein samla skattelette på 1,5 milliardar kroner som følgje av gjennomførte aktivitetar i 2003.
I 2004 skal Regjeringa arbeide med ei ny stortingsmelding om forsking. Meldinga, som etter planen skal leggjast fram våren 2005, kjem mellom anna til å innehalde ein gjennomgang av den norske forskingsinstituttsektoren. Eit anna viktig tema er utviklinga innanfor det internasjonale forskingssamarbeidet og konsekvensane det har for norsk forsking.