1,1 milliardar til Kvalitetsreforma
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 080-03
Dato: 8.oktober
1,1 milliardar til Kvalitetsreforma
Meir midlar til å gjennomføre Kvalitetsreforma i høgare utdanning er ei hovudprioritering i budsjettet for 2004. Totalt er det foreslått å løyve 1144 millionar kroner til Kvalitetsreforma, ein auke på 517 millionar kroner i forhold til 2003.
Samla er det foreslått å løyve 18,6 milliardar kroner til høgare utdanning. Det er ein auke på ca. 8,6 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2003.
I tillegg til å auke løyvingane til Kvalitetsreforma foreslår Regjeringa å vidareføre 500 millionar kroner som blei løyvde i 2003 til tiltak for å styrkje undervisninga. Regjeringa foreslår òg å vidareføre 127 millionar kroner til vitskapleg utstyr som blei løyvde i 2003, og som er ein del av Kvalitetsreforma. Til saman gir det 1144 millionar kroner til Kvalitetsreforma i 2004. Midlane skal nyttast til å innføre nye, fastare studieløp og ein ny gradsstruktur og – meir generelt – til å heve kvaliteten på studietilboda.
Av løyvinga til Kvalitetsreforma er det sett av 5 millionar kroner til det nye senteret for internasjonalisering av høgare utdanning. Løyvinga kjem i tillegg til budsjettmidlar som blir overførte frå Senter for internasjonalt universitetssamarbeid (SIU).
Budsjettet for universitet og høgskular aukar med nær 200 millionar kroner i tillegg til auken på 517 millionar kroner som følgje av auke i talet på genererte studiepoeng i det resultatbaserte finansieringssystemet.
Det blir gjort framlegg om å opprette 200 nye stipendiatstillingar frå hausten 2004. Av dei går 136 til universiteta, 15 til vitskaplege høgskular, 38 til statlege høgskular, 6 til private høgskular, 2 til Universitetsstudia på Svalbard og 3 til stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid.
Det er eit prioritert mål for Regjeringa å auke kommersialiseringa av oppfinningar frå universitet og høgskular. Det er foreslått å auke satsinga på FORNY-programmet med 5,5 millionar kroner. Totalt er det sett av 17,5 millionar kroner til FORNY-programmet over budsjettet til departementet. Regjeringa foreslår i tillegg å fordele 5,5 millionar kroner til universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, NTNU og Noregs landbrukshøgskole for å byggje opp teknologioverføringskontor.
Regjeringa foreslår å løyve 17,5 millionar kroner til eit nytt studium i odontologi ved Universitetet i Tromsø. Det blir oppretta ti studieplassar frå hausten 2004, og kapasiteten skal gradvis byggjast opp.
Regjeringa har ei målsetting om å styrkje samisk utdanning og forsking generelt og å auke rekrutteringa av samiskspråklege studentar. Det er derfor foreslått å satse 1,4 millionar kroner ved Samisk høgskole.
Regjeringa foreslår å gi byggjeløyve til desse byggjeprosjekta over budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet: Universitetet i Tromsø, Studentsenteret i Bergen, Villa Grande, Høgskolen i Bodø, Høgskolen i Nesna, Høgskolen i Stavanger, Høgskolen i Østfold, Noregs musikkhøgskole og Universitetsstudia på Svalbard. I tillegg blir det vidareført midlar til ny universitetsklinikk i Trondheim over budsjettet til UFD.
Det blir foreslått å løyve 170 millionar kroner til studentbustader. Det er ein reduksjon på 30 millionar kroner i forhold til 2003.