Historisk arkiv

Satsing på kvalitet og lokal handlefridom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 107-02
Dato: 03.10.02

Satsing på kvalitet og lokal handlefridom

Arbeidet med kvalitetsutvikling er hovudpunktet i Regjeringa sitt opplegg for grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Det høge aktivitetsnivået på dette området blir halde fram med ei løyving på 380 millionar kroner. Den samla løyvinga til grunnskule og vidaregåande opplæring over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet er på 2,5 milliardar kroner.

Spesielt viktig er det å styrkje opplæringa i basisfaga norsk og matematikk. For inneverande skuleår er det allereie bestemt å auke timetalet i norsk med til saman tre timar per veke i gjennomsnitt på småskuletrinnet for å styrkje lese- og skrivedugleiken til elevane. No gjer Regjeringa framlegg om å gi stipend for vidareutdanning av lærarar i norsk og matematikk. Det skal òg lanserast ein nasjonal strategiplan for å styrkje stillinga til realfaga i skulen. For å fremje leselysta blant elevane kjem Regjeringa til å styrkje kompetansen i å bruke skulebiblioteka.

Demonstrasjons- og bonusskular er møtte med stor interesse frå skular over heile landet og er ein viktig del av kvalitetsarbeidet. Ordninga stimulerer til initiativ og bruk av lokal handlefridom. Regjeringa ønskjer at dette skal halde fram i året som kjem, og vil i tillegg vurdere å utvide ordninga til òg å gjelde for lærebedrifter. I samarbeid med Kommunenes Sentralforbund kjem Regjeringa til å lyse ut ein eigen kvalitetspris til gode skuleeigarar.

Innsatsen i arbeidet mot mobbing, vald og rasisme skal styrkjast. Alle kommunane i landet får innan utgangen av 2003 tilbod om å vere med i Olweus-programmet. Dette programmet er eit spesielt tiltaksprogram mot mobbing og problemframferd.

Regjeringa satsar framleis sterkt på IKT i utdanninga. I 2003 blir følgjande hovudområde prioriterte:

  • Utvikling av ein nasjonal utdanningsportal. Portalen skal gi ein felles inngang til norsk utdanning og ulike utdanningsressursar på nettet. Formålet er tredelt: å bidra til å auke kvaliteten på norsk utdanning, å vere ein katalysator for å auke bruken av IKT og nye læringsformer i skulen og å stimulere fleire til å ta utdanning.
  • Alle dei vidaregåande skulane i landet skal innan utgangen av 2003 sikrast gode marknadstilbod om breibandtilknyting. Eit eige program for breibandtilknyting blir lansert hausten 2002 og følgt opp i 2003.
  • Kompetanseutvikling av lærarar og auka vektlegging av IKT i lærarutdanninga. Den samla løyvinga til IKT-tiltak over UFD sitt budsjett er på om lag 280 millionar kroner.

For å stimulere skuleeigarane til å gjennomføre ei særskilt satsing på å ruste opp skuleanlegg vil Regjeringa vidareføre ordninga med å gi tilskot til kommunesektoren som skal dekkje renteutgifter for lån til skuleanlegg. For 2003 er låneramma sett til éin milliard kroner, og tilskotet til rentekompensasjon blir løyvd over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett. For 2002 og 2003 er låneramma på til saman tre milliardar kroner.

Som ein del av Regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom blir det gjort framlegg om ei ny løyving på åtte millionar kroner til førebyggjande tiltak for å hindre fråfall frå den vidaregåande opplæringa. Dette handlar mellom anna om å vidareutvikle oppfølgingstenesta.

Tilskotet til leirskuleundervisning blir innlemma i rammetilskotet til kommunane med verknad frå 1. januar 2003. I rammetilskotet skal det i tillegg liggje 60 millionar kroner som skal dekkje elevane sin eigendel for slike opphald.

Også tilskotet til skulefritidsordninga (SFO) blir foreslått innlemma i rammetilskotet – her med verknad frå 1. august 2003. Samtidig foreslår Regjeringa å redusere tilskotet til SFO med 217 millionar kroner, noko som kan føre til at foreldrebetalinga aukar.

Regjeringa vidarefører tilskotet til musikk- og kulturskulane, og nivået er det same som for 2002. Det særskilde tilskotet til utvikling av desse skulane blir derimot foreslått avvikla. Det same gjeld tilskotet til private toppidrettsgymnas.

Det er i all hovudsak kommunesektoren sine frie inntekter, det vil seie skatt og rammetilskot, som finansierer skulane. Øyremerkte tilskot til skulen over Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett utgjer om lag éin prosent av dei samla inntektene til sektoren. Kommunane rapporterer no utgiftene til skuleformål via KOSTRA. Det gir ei meir nøyaktig og detaljert rapportering enn tidlegare. KOSTRA-rapporteringa viser at utgiftene til skulen er høgare enn tidlegare rekneskapstal viste, og det skuldast hovudsakleg lønnsutviklinga for lærarane. Dette påverkar også private skular fordi dei i samsvar med gjeldande lov får eit tilskot per elev som svarer til gjennomsnittet av utgiftene i den offentlege skulen. Budsjettforslaget for 2003 inneber derfor ein auke i løyvingar til private skular.