Historisk arkiv

Ny støtteordning for vidaregåande opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 106-02
Dato: 03.10.02

Ny støtteordning for vidaregåande opplæring

Regjeringa foreslår å innføre ei ny støtteordning frå undervisningsåret 2003–2004 for unge elevar med rett til vidaregåande opplæring. Det blir foreslått å løyve 50 millionar kroner ekstra i budsjettet for 2003 til dette. Ordninga skal i stor grad vere behovsprøvd og retta mot elevar frå familiar som treng det mest. Ordninga skal ta omsyn til dei utgiftene elevane har i samband med kjøp av læremiddel.

Det er eit mål for Regjeringa å ha ei utdanningsstøtteordning som er målretta, og som tek omsyn til ulike elev- og studentgrupper. I den nye ordninga skal det ikkje vere mogleg å låne pengar til vidaregåande opplæring, med unntak av lån til å dekkje skulepengar ved private skular. Etter regjeringa sitt syn er det problematisk at unge personar kan opparbeide seg gjeld til det offentlege for å ta vidaregåande opplæring. Det blir det kompensert for gjennom ei meir målretta stipendordning.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er det foreslått å avvikle reisestipendordningane i Noreg og Norden for elevar og studentar, med unntak av unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring.

Regjeringa foreslår å fjerne psykologi og teknologiske fag på bachelornivå frå lista over fag som gir rett til gebyr- og tilleggsstipend.

Vaksenopplæring

Kompetansereforma står sentralt i Regjeringa sitt arbeid med å realisere målet om livslang læring for alle. Det kjem til å bli etablert eit nasjonalt system for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse hausten 2002. Til saman blir det foreslått løyvd 1665 millionar kroner til vaksenopplæring, folkehøgskular og fagskuleutdanning.

Erfaring viser at ved å kombinere norskopplæring for innvandrarar med arbeid, oppnår ein både at dei lærer betre norsk fortare, og at dei blir lettare integrerte i arbeidslivet. Regjeringa foreslår derfor å løyve 20 millionar kroner i 2003 for å stimulere verksemder til å utvikle opplegg som kombinerer norskopplæring og arbeid for innvandrarar.

Kompetanseutviklingsprogrammet har som formål å utvikle marknaden for etter- og vidareutdanning gjennom samarbeidsprosjekt mellom arbeidslivet og utdanningssektoren. Av omsyn til det samla budsjettopplegget er løyvinga foreslått redusert frå 100 til 60 millionar kroner i 2003.

Departementet kjem i 2003 til å arbeide vidare med å systematisk skaffe seg eit betre kunnskapsgrunnlag for utforminga av vaksenopplæringspolitikken. Mellom anna skal Noreg delta i ei internasjonal undersøking av vaksne sin dugleik når det gjeld lesing, rekning, bruk av IKT og evne til å løyse praktiske problemstillingar.

Regjeringa foreslår å fjerne tilskotet til norskopplæring for asylsøkjarar som ikkje har positivt vedtak om busetjing. Dei som derimot bur i mottak med positivt vedtak, skal framleis få tilbod om norskopplæring. Like eins foreslår Regjeringa å avvikle tilskotet til fjernundervisningsinstitusjonane frå og med 2003. Løyvinga til studieforbund er foreslått redusert med om lag 17 millionar kroner i 2003.

Statleg utdanningsadministrasjon

Det er vedteke å innlemme dei statlege utdanningskontora i fylkesmannsembetet frå 1. januar 2003. På bakgrunn av departementet sitt arbeid med å modernisere den statlege utdanningsadministrasjonen kjem ein i 2003 til å arbeide vidare med å vurdere rolla og arbeidsoppgåvene til dei statlege utdanningskontora.