Historisk arkiv

510 millionar til Kvalitetsreforma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 108-02
Dato: 03.10.02

510 millionar til Kvalitetsreforma

Gjennomføringa av Kvalitetsreforma er ei hovudprioritering i budsjettet for 2003 for området høgare utdanning. Totalt er det foreslått ei løyving på 510 millionar kroner til Kvalitetsreforma. Samla er det foreslått å løyve 17,3 milliardar kroner til høgare utdanning. Det gir ein auke på om lag 7,3 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2002. Regjeringa foreslår å etablere nytt tannlegestudium ved Universitetet i Tromsø.

Regjeringa foreslår å løyve 510 millionar kroner til gjennomføring av Kvalitetsreforma. Det er ein auke på om lag 220 millionar kroner samanlikna med inneverande år. Midlane skal nyttast til å innføre nye og fastare studieløp, ny gradsstruktur, meir studentaktiv undervisning, nye vurderingsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda.

Av løyvinga til Kvalitetsreforma er 2 millionar kroner sett av til produksjon av lærebøker for blinde og svaksynte studentar. Det blir vidare løyvd 11,3 millionar kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT), som kjem i tillegg til budsjettmidla som blir overførte frå Noregsnettrådet.

Regjeringa foreslår å auke den strategiske forskingsløyvinga ved universiteta og høgskulane til 537 millionar kroner, som er 187 millionar kroner meir enn budsjettet for inneverande år.

Det blir oppretta 200 nye doktorstipendiatstillingar. Av dei går 147 til universitet og vitskaplege høgskular, 40 til statlege høgskular, ni til private høgskular, to til stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid og to til Universitetsstudia på Svalbard.

I budsjettet for 2002 blei det løyvd 15 millionar kroner til eit nytt forskingsprogram for statlege høgskular under Noregs forskingsråd. Departementet foreslår ytterlegare 15 millionar kroner til forskingsprogrammet, slik at det samla får ein storleik på 30 millionar kroner i 2003. For å styrkje universiteta og høgskulane sitt bidrag til FoU-relatert innovasjon har Utdannings- og forskingsdepartementet prioritert å løyve 12 millionar kroner til FORNY-programmet og 3,5 millionar kroner til MOBI-programmet. I samband med at det blir innført eit nytt system for å finansiere privat høgskuleutdanning, foreslår Regjeringa òg å auke tildelinga til forsking til private høgskular med 10 millionar kroner.

Som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak om endringar i studiefinansieringa, gjort gjeldande frå 1. november 2002, kjem løyvingane til studiefinansiering samla til å auke med om lag 900 millionar kroner på årsbasis. Samstundes gjer Regjeringa framlegg om å avvikle reisestipendordningane i Noreg og Norden for elevar og studentar, med unntak av unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring.

Departementet vil løyve 6 millionar kroner til Artsdatabanken. Han skal etablerast ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og skal gi elektronisk oversyn over dei biologiske artane i landet.

Departementet foreslår å føre vidare midlar til vitskapleg utstyr som blei lagde inn i budsjettet i 2002. I tillegg blir det gitt ein auke på 27 millionar kroner i utstyrsmidlar til Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole.

Regjeringa foreslår å etablere eit nytt tannlegestudium ved Universitetet i Tromsø. Det er foreslått å løyve 1,7 millionar kroner til å førebu det nye studietilbodet i odontologi i Tromsø. Departementet legg opp til ein integrert modell der den fylkeskommunale tannhelsetenesta i Troms byggjer opp og driv den odontologiske universitetsklinikken. Departementet tek sikte på å gradvis byggje opp kapasiteten i studiet frå 2004. Det føreset at det blir sett fart på arbeidet med å etablere eit kompetansesenter i regionen som kan danne grunnlaget for et fagmiljø for den nye utdanninga. Regjeringa foreslår at det blir løyvd 5 millionar kroner over Helsedepartementet sitt budsjett til å byggje opp eit slikt kompetansesenter.

Det er foreslått å føre vidare løyvinga på 3 millionar kroner til Museumsprosjektet. Museumsprosjektet skal gi nasjonal tilgang til informasjon om kultur- og naturarven vår gjennom å digitalisere vitskaplege samlingar ved universiteta.