Statsbudsjettet for 2005: Tiltak for tryggare vegtrafikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 121/05
Dato: 14.10.05
Statsbudsjettet 2006:
Tiltak for tryggare vegtrafikk
- For å nå målet om enda færre skadde og drepne i vegtrafikken må vi ta i bruk tiltak over eit vidt felt. Utbygging og utbetring av vegar, opplæring, informasjon og kontroll av trafikk og køyretøy - alt dette er med på å gjere vegtrafikken tryggare, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.
Regjeringa gjer for 2006 framlegg om at det skal løyvast 460 millionar kroner til særskilte tiltak for trafikksikring på vegnettet. I tillegg kjem bompengemidlar, slik at det dermed vil bli nytta i alt 490 millionar kroner til slike tiltak i 2006.
Dei særskilte tiltaka for trafikksikring på vegnettet er retta mot møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med mjuke trafikantar. Dette er dei mest alvorlege ulukkene. Tiltaka vil mellom anna omfatte bygging av midtrekkverk, utbetringar av kurvar og kryss, betre tilrettelegging for mjuke trafikantar som skal krysse vegen, montering av rekkverk og auka bruk av automatisk trafikkontroll.
I tillegg til desse særskilte tiltaka kjem den auka tryggleiken ein får ved bygging av nye vegar, gang- og sykkelvegar, rassikring, kontroll og tilsyn.
Statens vegvesen vil i 2006 gjennomføre ulykkesreduserande tiltak på om lag 500 kilometer særleg ulykkesutsett riksveg.
Utbygging til fire felt og midtrekkverk
Utbygging til veg med fire felt på strekningar med stor trafikk er viktig for å gjere vegtrafikken tryggare. På særleg ulykkesutsette strekningar er utbygginga alt framskunda, slik som på E6 i Østfold. Utbygging av E18 i Buskerud og Vestfold til fire felt blir vidareført i 2006.
Rassikring
Regjeringa går i budsjettforslaget inn for at det neste år skal brukast i alt om lag 520 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på sikre mot ras på vegnettet. Av dette beløpet er 203 millionar kroner løyvingar under den særlege budsjettposten ”Rassikring”, om lag 300 millionar gjeld investeringsmidlar til andre prosjekt og tiltak med rassikringsgevinst, medan det ved hjelp av bompengar vil bli nytta omkring 17 millionar kroner til rassikring.
For 2006 er det planlagt å utbetre fire rasutsette strekningar og 29 rasutsette punkt på vegnettet.
Gang- og sykkelvegar
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 230 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande veg for 2006. I tillegg kjem bompengar, slik at det til saman skal nyttast 310 millionar kroner til gang- og sykkelvegar neste år. Bygging av gang- og sykkelvegar inngår dessutan som ein del av mange utbyggingar av ny veg. Det er planlagt å byggje 68 kilometer gang- og sykkelvegar i 2006.
Opplæring og kontroll
Den nye føraropplæringa blei sett i verk 1. januar 2005 og vil bli fullt gjennomført i 2006. Den nye, modulbaserte opplæringa skal leggje til rette for at nye bilførarar blir tryggare i trafikken, slik at dei høge ulukkestala for denne gruppa av bilførarar kan gå ned.
Bruken av automatisk trafikkontroll (ATK) for kontroll av fart skal aukast, og reaksjonane overfor bilførarar som er ein fare for andre i trafikken vil bli skjerpa. For 2006 er det planlagt 950 000 bilbeltekontrollar, noko som er 65 000 fleire enn i 2005. I tillegg er det planlagt 250 000 kontrollar av tyngre køyretøy.
Statens havarikommisjon for transport
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving til Statens havarikommisjon for transport (tidlegare Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane) på om lag 30 millionar kroner. Frå og med 1. september 2005 har Havarikommisjonen også hatt ansvar når det gjelde å undersøkje alvorlege uhell og ulykker i vegsektoren. Ei utviding av ansvarsområdet til også å omfatte sjøtransport er under førebuing.
Nullvisjonsprosjektet
Det nasjonale demonstrasjonsprosjektet for nullvisjonen, "Trafikksikkerhet Lillehammer - med nullvisjonen i sikte" vil bli avslutta i 2006. I dette prosjektet prøver ein ut ulike trafikksikringstiltak som er retta mot heile trafikksystemet, frå trafikant til køyretøy og vegnett. Som ein del av prosjektet er det bygt opp eit kommunikasjonssenter for trafikktryggleik. Det vil bli vurdert om senteret skal vidareførast etter at prosjektet er avslutta.
Tilskott til Trygg Trafikk og Syklistenes Landsforening
I forslaget til budsjett for Samferdselsdepartementet er det for 2006 ført opp tilskott til to organisasjonar som arbeider innanfor feltet trafikktryggleik. 18,1 millionar kroner er ført opp til Trygg Trafikk. Dette er ein auke på 0,6 millionar kroner frå 2005. I tillegg kjem 0,4 millionar kroner til Syklistenes Landsforening, til arbeid for ein tryggare og betre tilrettelagt sykkeltrafikk. Denne løyvinga er om lag på same nivå som i 2005.