Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2006: Vegføremål:12,7 milliardar kroner i statlege løyvingar, aukar med 550 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.:117 /05
Dato: 14.10.05

Statsbudsjettet 2006:

Vegføremål:12,7 milliardar kroner i statlege løyvingar, aukar med 550 millionar kroner

Regjeringa foreslår ei samla løyving på 12 678,4 millionar kroner til vegføremål over statsbudsjettet for 2006. Dette er 550 millionar kroner eller 4,3 prosent meir enn for 2005, når ein tar omsyn til innføring av ny ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga.

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem 3 400 millionar kroner som bompengeselskapa vil stille til rådvelde neste år for å finansiere delar av utbygginga av riksvegnettet.

Den foreslåtte løyvinga på 12 678,4 millionar kroner over statsbudsjettet for 2006 er fordelt slik:

  • 5 658 millionar kroner til tilsyn drift og vedlikehald av riksvegnettet
  • 5 693,4 millionar kroner til riksveginvesteringar, medrekna "vederlag" til "OPS-prosjekt" og særlege budsjettpostar for rassikring, forsøksordningar og vegutbygging i Bjørvika i Oslo.
  • 1 327 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester

Trafikktilsyn, drift og vedlikehald: Nær 5,7 milliardar kroner

5 658 millionar kroner er sett av til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet. Dette er 45 millionar kroner meir enn for 2005, når ein tar omsyn til reint budsjettekniske endringar som har samanheng med omlegging til nettoføring av meirverdiavgift. Innanfor denne løyvinga har regjeringa særleg prioritert tiltak for å gjere vegtrafikken enda tryggare.

Innan drift og vedlikehald vil ein mellom anna prioritere fornying av skilt langs vegane og gjennomføring av strakstiltak for å betre trafikktryggleiken.

Statens vegvesen: Betre tenestetilbod

Statens vegvesen vil i slutten av 2006 opprette eit nytt tilbod for publikum. Det nye tilbodet har fått nemninga ”Nasjonal kundeteneste” og er ein ny felles portal, der internett-tenester, andre elektroniske tenester og telefontenester blir sett i samanheng. For å gjere tenestene til Statens vegvesen enda betre tilgjengeleg for publikum, vil ein dessutan styrkje samarbeidet med kommunale servicekontor, går det fram av budsjettforslaget.

Statlege løyvingar til veginvesteringar: Nær 5,7 milliardar kroner

I alt 5 693,4 millionar kroner er foreslått som statlege løyvingar til riksveginvesteringar. Dette er 356,8 millionar kroner eller 6,3 prosent meir enn for 2005.

I tillegg til ”ordinære riksveginvesteringar” omfattar desse løyvingane mellom anna midlar frå den særlege budsjettposten ”rassikring”. Beløpet omfattar dessutan midlar fra nokre særlege budsjettpostar som gjeld utbygging av E18 Bjørvika i Oslo, ”forsøksordningane for alternativ forvaltningsorganisering av transportsystemet og forsøk i enkelte fylkeskommunar med oppgavedifferensiering” og ordninga med statlege løyvingar som vederlag til selskap som har stått for vegutbygging etter den såkalla OPS-modellen (offentleg-privat-samarbeid).

Dei statlege midlane til ”ordinære riksvegveginvesteringar” og posten for ”forsøk” er fordelt slik:

  • 2 759 millionar kroner (ekskl. meirverdigavgift) til utbygging på stamvegnettet.
  • 1 733 millionar kroner (ekskl. meirverdiavgift) til fylkesfordelt ramme. Dette er midlar som skal nyttast til utbygging av såkalla ”øvrige riksvegar”, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet. Midlane blir løyvde over budsjettpostar for både ordinære riksveginvesteringar og budsjettpost for ”forsøksordningar”

I tillegg er det sett av 380 millionar kroner til ”ikkje rute-/fylkesfordelte tiltak”. Desse midlane skal mellom anna nyttast til oppgradering av eksisterande tunnelar, tiltak innanfor prosjektet ”Nasjonale turistvegar” og tiltak som gjeld forsking og utvikling.

203 millionar kroner er dessutan oppført på den særlege budsjettposten ”Rassikring". Denne løyvinga vil, saman med bruk av ordinære investeringsmidlar og bompengemidlar, føre til at det i 2006 vil bli brukt i alt 520 millionar kroner til vegutbygging med rassikringsgevinst.

I tillegg til riksveginvesteringane over statsbudsjettet vil bompengeselskapa stille til rådvelde 3 400 millionar kroner til utbygging av riksvegnettet, medrekna om lag 570 millionar kroner til investeringstiltak for kollektivtrafikken.

Regjeringa sitt forslag om å auke det allereie høge nivået for riksveginvesteringane gir rom for at det i 2006 skal setjast i gang til saman ti nye, større vegprosjekt, fordelt med fire prosjekt på stamvegnettet og seks prosjekt på andre riksvegar. I tillegg blir det anleggsstart for ei rekkje mindre vegprosjekt.

Tiltak for kollektivtransporten: 750 millionar kroner frå ”vegmidlar”

I forslaget til vegbudsjett for 2006 er det lagt opp til at det neste år skal brukast i alt 750 millionar kroner til særskilte tiltak for kollektivtrafikken. Av dette er 180 millionar kroner statlege midlar som inngår i framlegget til løyvingar til riksveginvesteringar. Bygging av terminaler og haldeplassar og tiltak som legg til rette for høgare kjørefart for trikk og buss på vegnettet, vil bli dekte ved hjelp av ”vegmidlar”. I tillegg til desse tiltaka, vil det - som ledd i ordinære veganlegg - skje utbygging som fører til betre forhold for kollektivtransporten på vegane.

Til utbygginga av Bybanen i Bergen er det for neste år rekna med å bruke i alt 290 millionar kroner i ”vegmidlar”, fordelt med 285 millionar kroner i bompengar og 5 millionar kroner som blir dekt innanfor løyvingane til riksveginvesteringar.

”Vegmidlar” vil også bli brukt til arbeidet med utbygging av T-baneringen i Oslo, som skal opnast for trafikk i 2006. Slike vegmidlar vil også bli nytta til utbetringar på andre delar av T-banenettet i Oslo.

Rassikring: 520 millionar kroner

Regjeringa går i budsjettforslaget inn for at det neste år skal brukast i alt om lag 520 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. Av dette beløpet er 203 millionar kroner løyvingar under den særlege busjettposten ”Rassikring”, om lag 300 millionar gjeld investeringsmidlar til andre prosjekt og tiltak med rassikringsgevinst, medan det ved hjelp av bompengar vil bli nytta omkring 17 millionar kroner til rassikring.

For 2006 er det planlagt å utbetre fire rasutsette strekningar og 29 rasutsette punkt på vegnettet.

Nasjonale turistvegar: 50 millionar kroner

Innanfor forslaget til riksveginvesteringar er det sett av om lag 50 millionar kroner til prosjektet "Nasjonale turistvegar". Prosjektet omfattar 18 utvalde vegstrekningar som skal særleg tilretteleggast og marknadsførast for bilturisme.

”Vegutbygging” i Bjørvika”

For prosjektet ”Vegutbygging” i Bjørvika” er det for 2006 lagt til grunn ei statleg investeringsramme på 360 millionar kroner. Av dette beløpet er 49 millionar kroner innanfor ramma i Nasjonal transportplan 2006 – 2009. I tillegg er det lagt til grunn at det skal brukast 310 millionar kroner i bompengar frå Oslopakke 1. Anleggsarbeidet tok til i august 2005, med sikte på at første etappe opnast for trafikk i 2010. Andre etappe vil etter planen stå ferdig i 2012.

Riksveginvesteringar – fordelt på stamvegstrekningar

I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2006 skal nyttast i alt 4 331 millionar kroner (medrekna meirverdiavgift) til investeringar på stamvegnettet, fordelt med 2 931 millionar kroner i statlege løyvingar og 1 4000 millionar kroner i bompengemidlar.

Midlane er fordelte slik – på dei ulike korridorane og strekningane på stamvegnettet:

Korridor/rute

Forslag statsbudsjett 2006 (mill.kr)

Bompengemidlar 2006 (mill.kr.)

1. Oslo - Svinesund/Kornsjø

E 6 Riksgrensa/Svinesund – Oslo

104,0

330

2. Oslo - Ørje/Magnor

E 18 Riksgrensa/Ørje - Oslo

121,4

240

Rv 2 Riksgrensa/Magnor - Kløfta med tilknytning

115,0

70

Rv 35 Jessheim - Hønefoss – Hokksund

3. Oslo - Grenland - Kristiansand - Stavanger

E 18 Oslo - Kristiansand

451,0

262

Rv 23 Lier - Drøbak - Vassum

6,0

Rv 150 Ulvensplitten – Tjernsmyr

60,0

232

4. Stavanger - Bergen - Ålesund - Trondheim

E 39 Kristiansand - Stavanger - Bergen

319,9

22

E 39 Bergen - Ålesund med tilknytningar

209,1

E 39 Ålesund - Trondheim

23,6

Rv 13 Jøsendal - Voss

8,2

Rv 9 Kristiansand – Haukeligrend

7,0

1

5. Oslo - Bergen/Haugesund med arm via Sogn til Florø

E 134 Drammen - Haugesund

213,0

E 16 Sandvika - Bergen

272,0

120

Rv 7/52 Hønefoss - Gol - Borlaug

10,0

Rv 36 Seljord – Eidanger

4,0

6. Oslo - Trondheim med armar til Ålesund og Måløy

E 6 Oslo – Trondheim

180,0

120

Rv 15 Otta – Måløy

40,0

E 136 Dombås – Ålesund

79,8

Rv 3 Kolomoen – Ulsberg

50,0

Rv 4 Oslo – Mjøsbrua

114,0

4

Rv 70 Oppdal – Kristiansund

7. Trondheim - Bodø med armar til svenskegrensen

E 6 Trondheim - Fauske med tilknytningar

256,0

8. Bodø - Narvik - Tromsø - Kirkenes med armer

E 6 Bodø - Nordkjosbotn med tilknytningar

252,0

E6 Nordkjosbotn - Kirkenes med tilknytningar

35,0

I alt

2 931,0

1 400

”Øvrige riksvegar”: Fylkesvis fordeling av investeringar

I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2006 skal brukast i alt 3 804 millionar kroner til investeringar som skal nyttast på det ”øvrige riksvegnettet”, det vil seie riksvegar som ikkje inngår i stamvegnettet. Beløpet omfattar både løyvingar over statsbudsjettet og bompengemidlar, og er fordelt slik på dei enkelte fylka:

Forslag statsbudsjett 2006 (mill.kr)

Bompengemidlar 2006 (mill.kr)

Østfold

59,0

Akershus

127,0

131

Oslo

130,0

153

Hedmark

37,0

Oppland

29,5

Buskerud

106,0

60

Vestfold

51,3

227

Telemark

85,2

Aust-Agder

42,0

3

Vest-Agder

50,5

55

Rogaland

156,0

218

Hordaland

236,5

806

Sogn og Fjordane

156,0

Møre og Romsdal

217,0

240

Sør-Trøndelag

54,0

Nord-Trøndelag

60,0

34

Nordland

109,0

Troms

55,0

36

Finnmark

80,0

I alt

1 841,0

1 963