Statsbudsjettet 2006: Auka satsing på miljøvennleg transport
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 125/05
Dato: 14.10.05
Statsbudsjettet 2006:
Auka satsing på miljøvennleg transport
- Regjeringa legg stor vekt på å redusere miljøulempene ved transport. Det er nødvendig med effektive og samordna verkemiddel for å møte miljøutfordringane. I storbyområda er det spesielt viktig at vi legg til rette for å redusere bilbruken, til fordel for kollektivtransport, gåande og syklande, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.
Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2006 betyr at den sterke satsinga på kollektivtransport blir ført vidare. Over Samferdselsdepartementet sitt budsjett er det foreslått i alt 8,4 milliardar kroner til kollektivtransporttiltak. Dette er ein auke på 370 millionar kroner samanlikna med 2005. I tillegg kjem 570 millionar kroner frå bompengeordningane.
Nullutsleppsteknologi og alternative drivstoff
I framlegget til statsbudsjett for 2006 er det sett av 22,3 millionar kroner til forsøk med alternative drivstoff og miljøvennleg teknologi. Dette er om lag det same som for 2005, og er ei vidareføring av den auka satsinga på miljøvennleg transport. Midlane skal særleg rettast inn mot områda hydrogen, biodrivstoff og nullutsleppsteknologi.
I tillegg er det lagt til rette for bruk av nullutsleppsteknologi ved at elbilar er fritekne frå eingongsavgift, årsavgift, meirverdiavgift, bomavgifter og parkeringsavgifter på kommunale parkeringsplassar. Elbilar kan dessutan køyre i kollektivfeltet i heile landet.
Lågutsleppssoner
Ei arbeidsgruppe nedsett av Samferdselsdepartementet har kome med tilråding om at lokale styresmakter bør få høve til å opprette "lågutsleppssoner". Ei "lågutsleppssone" er eit avgrensa område der det gjeld særskilde krav til avgift eller miljøeigenskapane til køyretøy. Samferdselsdepartementet vil leggje til rette for at lokale styresmakter kan opprette slike utsleppssoner.
Støyforureining
Statens vegvesen har i perioden 2002-2005 brukt om lag 650 millionar kroner for å oppfylle forskrifter for grenseverdiar for støy (støyforskrifta) langs riksvegane. I tillegg har Jernbaneverket og Avinor gjennomført ei rekkje støyreduserande tiltak. Med nokre få unntak er det i dag ingen bustader som har innandørs støy over grenseverdien på 42 desibel på grunn av trafikk ved riksveg, jarnbane eller flyplassar.
Det står att eit omfattande arbeid for å redusere talet på personar som er plaga av støy frå transport, sjølv etter at støyforskrifta er oppfylt. For å redusere støyplager ytterlegare vil Statens vegvesen blant anna opprette eit større forskingsprosjekt for å utvikle vegdekke som gir til å minske støy og støvforureining. Utskifting av fly og tog, i tillegg til skinnesliping, vil også føre til reduserte støyplager frå transport.
310 milliosssnar kroner til gang- og sykkelvegar
I regjeringa sitt budsjettforslag er det lagt til grunn at det i 2006 skal brukast 310 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande veg, medrekna bompengemidlar. Dette beløpet omfattar både statlege løyvingar og bompengar. I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelvegar innanfor dei ordinære riksvegløyvingane. Det er planlagt å byggje 68 kilometer med gang- og sykkelveg i 2006. Statens vegvesen vil dessutan ta til med ein gjennomgang og forbetring av noverande sykkelveganlegg.
Biologisk mangfald og kulturminne
Omsynet til natur- og kulturmiljø skal innarbeidast betre i planlegging, utbygging og drift av samferdselsanlegg. Samferdselsdepartementet vil søkje å unngå inngrep i verna naturområde, større samanhengande naturområde utan tyngre inngrep, sårbare naturtypar og verdifulle kulturområde, går det fram av budsjettforslaget.
Samferdselsdepartementet og dei statlege samferdselsetatane deltek også i samarbeid om kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Statens vegvesen og Jernbaneverket arbeider med å følgje opp verneplanen for vegar, bruer og kulturminne med tilknyting til veg- og jernbanenettet.