Statsbudsjettet 2006: Anleggsstart for fleire nye vegprosjekt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 119/05
Dato: 14.10.05
Statsbudsjettet 2006:
Anleggsstart for fleire nye vegprosjekt
Regjeringa sitt forslag om å føre vidare eit høgt nivå for riksveginvesteringane gir rom for at det i 2006 skal setjast i gang ti nye, større vegprosjekt, fordelt med fire prosjekt på stamvegnettet og seks prosjekt på andre riksvegar.
I tillegg vil det neste år bli sett i gang anleggsarbeid på ei rekkje andre nye, men noko mindre prosjekt, på både stamvegnettet og på såkalla ”øvrige riksvegar”.
Samferdselsdepartementet går inn for å setje i gang desse nye prosjekta på stamvegnettet:
- E6 Vinterbru – Assurtjern i Akershus
- E18 Frydenhaug – Eik i Buskerud
- E16 Borlaug – Voldum i Sogn og Fjordane
- E6 Vest for Alta (Langnesbukta – Jansnes) i Finnmark
For såkalla ”øvrige riksvegar”, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet, er det for neste år lagt opp til anleggsstart på desse nye, større vegprosjekta:
- riksveg 283 Øvre Sund bru i Buskerud
- riksveg 465 Kjørrefjord – Ulland i Vest-Agder
- riksveg 44 Omkjøringsveg Klepp i Rogaland
- riksveg 48 Hafskorberget i Hordaland
- riksveg 57 Espeland – Herland i Bergen i Hordaland
- riksveg 557 ringvest vest i Hordaland
I tillegg skal desse to nye, større rassikringsprosjekta setjast i gang i neste år:
- riksveg 62 Fresvika – Jordalsgrenda i Møre og Romsdal
- E10 Fjøsdalen i Nordland
Bybane i Bergen: Skal finansierast av ”vegmidlar”
Regjeringa går dessutan inn for at arbeidet med utbygging av Bybanen i Bergen skal ta til i 2006. Utbygginga blir finansiert av ordninga med ”alternativ bruk av riksvegmidlar”, der både statlege riksvegløyvingar og bompengemidlar inngår.