Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2006: 520 millionar kroner til rassikring på vegnettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 120/05
Dato: 14.10.05

Statsbudsjettet 2006:

520 millionar kroner til rassikring på vegnettet

Regjeringa går i budsjettforslaget inn for at det neste år skal brukast i alt om lag 520 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på sikre mot ras på vegnettet. Av dette beløpet er 203 millionar kroner løyvingar under den særlege busjettposten ”Rassikring”, om lag 300 millionar gjeld investeringsmidlar til andre prosjekt og tiltak med rassikringsgevinst, medan det ved hjelp av bompengar vil bli nytta omkring 17 millionar kroner til rassikring.

For 2006 er det planlagt å utbetre fire rasutsette strekningar og 29 rasutsette punkt på vegnettet.

Desse større rassikringsprosjekta er prioriterte i framlegget til statsbudsjett for 2006:

  • riksveg 43 Aunevik – Bukkesteinen i Vest-Agder
  • E39 Gammelseter – Nipetjørn i Hordaland
  • riksveg 55 Stedjeberget i Sogn og Fjordane
  • riksveg 617 Gotteberg – Kapellneset i Sogn og Fjordane
  • E12 Umskaret i Nordland
  • E10 Fjøsdalen i Nordland
  • riksveg 62 Fresvika – Jordalsgrenda i Møre og Romsdal

Innanfor løyvingane til vegføremål vil det dessutan bli nytta midlar til ei rekkje mindre rassikringstiltak, både på stamvegnettet og på andre riksvegar.

Fylkesvis fordeling av ”særlege rasmidlar”

Det er sett av 215 millionar kroner (inkl. meirverdiavgift) til rassikring på både stamvegnettet og på øvrige riksvegar”. Beløpet er fordelt slik:

Forslag statsbudsjett 2006 (mill.kr)

Vest-Agder

20

Rogaland

24

Hordaland

60

Sogn og Fjordane

2

Møre og Romsdal

38

Nord-Trøndelag

8

Nordland

27

Troms

33

Finnmark

3

I alt

215

Det er i tillegg sett av 17 millionar kroner i bompengemidlar til rassikring i Vest-Agder. For Hordaland er det i tillegg rekna med eit forskott på 7 millionar kroner til rassikring.