Statsbudsjettet 2006: 20,4 milliardar kroner til trygg og effektiv samferdsel over heile landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 116/05
Dato: 14.10.05
Statsbudsjettet 2006:
20,4 milliardar kroner til trygg og effektiv samferdsel over heile landet
Regjeringa gjer framlegg om å løyve nær 20,4 milliardar kroner til samferdselsføremål over statsbudsjettet for 2006. Dette er ein auke på 2,5 prosent eller om lag 510 millionar kroner frå 2005, når ein tar omsyn til budsjettekniske endringar som gjeld innføring av ny ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga og eingongsutgifter i 2005.
- Framlegget vil sikre trygge og effektive samferdselsløysingar over heile landet. Regjeringa fører vidare det høge nivået for løyvingar til veg- og jernbaneføremål. For alle transportgreiner er første prioritet gitt til tiltak som gir tryggare trafikk. Rassikring og tiltak for betre vegstandard er viktig for folk og næringsliv, særleg i distrikta, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.
- Løyvingane til kollektivtransport over Samferdselsdepartementets budsjett aukar med 370 millionar kroner, til 8,4 milliardar kroner. Regjeringa har med dette auka løyvingane til kollektivtransport for kvart år sidan 2002.
- Regjeringa vil at kollektivtransporten i størst mogleg grad skal vere tilgjengeleg for alle grupper av trafikantar, og har derfor mellom anna sett av 50 millionar kroner til ei ny tilskottsordning som skal gjere det lettare for dei som er funksjonshemma å reise med kollektivtransport, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.
Kollektivtransport: 8,4 milliardar kroner
Over Samferdselsdepartementets budsjett blir det gjort framlegg om å løyve 8,4 milliardar kroner til tiltak for kollektivtransport. I tillegg kjem 570 millionar kroner i bompengemidlar, slik at det i alt er sett av nær 9 milliardar kroner til kollektivtransporttiltak i 2006.
Regjeringa held fram satsinga på kollektivtransport i storbyområda, og gjer framlegg om å løyve 150 millionar kroner til den statlege belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk. Dette er ein auke på 35 millionar kroner eller 30 prosent, samanlikna med 2005.
Innanfor "vegmidlar", det vil seie både statlege løyvingar og bompengar, er det sett av om lag 750 millionar kroner til særskilte kollektivtransporttiltak innanfor virkeområdet til Statens vegvesen. Dette er ein auke på 90 millionar kroner samanlikna med 2005. Til utbygginga av Bybanen i Bergen er det for neste år rekna med å bruke i alt 290 millionar kroner i ”vegmidlar”. Det er elles sett av midlar til vidare utbygging av T-baneringen i Oslo, bygging av terminalar og haldeplassar og til tiltak for å gjere det lettare for buss og trikk å komme raskt fram i storbyområda.
Regjeringa foreslår ei løyving på 50 millionar kroner til ei ny tilskottsordning som skal gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg, slik at fleire kan nytte kollektive transportmiddel utan behov for særskilte løysingar.
11,2 millionar kroner er sett av til forsøksordningar med tilskott til arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemma.
Til Jernbaneverket er det foreslått nær 4,4 milliardar kroner til drift, vedlikehald og utbygging av linjenettet til jernbanen. Dette er ein auke på 126 millionar kroner samanlikna med 2005.
Det er sett av 1,58 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransport med tog. Dette er ein auke på om lag 75 millionar kroner eller om lag fem prosent frå 2005.
Til kjøp av riksvegferjetenester er det foreslått vel 1,3 milliardar kroner, ein auke på 145 millionar kroner samanlikna med 2005.
250 millionar kroner er sett av til kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes, noko som er i tråd med avtalen mellom staten og hurtigruteselskapa om kjøp av tenester på denne strekninga for 2005-2012.
Til statleg kjøp av flyrutetenester på det regionale rutenettet er det lagt fram forslag om ei løyving på 481 millionar kroner, ein auke på om lag åtte prosent.
I tillegg til desse midlane overfører staten midlar til fylkeskommunane i form av rammetilskott. Ved hjelp av desse overføringane blir det løyvd midlar til drift av lokal kollektivtransport i fylka.
Vegføremål: 12,7 milliardar kroner
Regjeringa foreslår ei samla løyving på 12,68 milliardar kroner til vegføremål for 2006. Dette er 550 millionar kroner eller 4,3 prosent meir enn for 2005, når ein tar omsyn til innføring av ny ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga. I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem 3,4 milliardar kroner som bompengeselskapa vil stille til rådvelde neste år for å finansiere delar av utbygginga av riksvegnettet, medrekna om lag 570 millionar kroner til investeringstiltak for kollektivtrafikken.
Av den foreslåtte løyvinga til vegføremål er 5,66 milliardar kroner sett av til tilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet. Dette er ein auke på om lag 45 millionar kroner frå 2005, når ein tar omsyn til reint budsjettekniske endringar som har samanheng med omlegging til nettoføring av meirverdiavgift.
I alt 5,7 milliardar kroner er foreslått som statlege løyvingar til riksveginvesteringar. Dette er nær 357 millionar kroner eller vel 6 prosent meir enn for 2005. Av dei samla løyvingane til riksveginvesteringar er 203 millionar kroner sett av til rassikring. Desse midlane vil, saman med bruk av ordinære investeringsmidlar og bompengemidlar, føre til at det i 2006 vil bli brukt i alt 520 millionar kroner til vegutbygging med rassikringsgevinst.
Regjeringa gjer framlegg om at det skal løyvast 460 millionar kroner til særskilte tiltak for trafikksikring på vegnettet. Saman med bompengemidlar vil det dermed bli nytta i alt 490 millionar kroner til slike tiltak i 2006. I tillegg til desse særskilte tiltaka kjem den auka tryggleiken ein får ved bygging av nye vegar, gang- og sykkelvegar, rassikring, kontroll og tilsyn.
I budsjettforslaget er det lagt til grunn at det i 2006 skal brukast 310 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande veg, medrekna bompengemidlar. I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelvegar innanfor dei ordinære riksvegløyvingane.
For 2006 er det lagt opp til at det neste år skal brukast i alt 750 millionar kroner til særskilte tiltak for kollektivtrafikken. Av dette er 570 millionar kroner bompengemidlar, medan 180 millionar kroner er statlege midlar som inngår i framlegget til løyvingar til riksveginvesteringar.
Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det sett av nær 1,33 milliardar kroner.
Jernbaneføremål: Nær 6 milliardar kroner
For 2006 er det gjort framlegg om å løyve i alt 6 milliardar kroner til jernbaneføremål. Dette er ein auke på om lag 3,6 prosent, når ein tar omsyn til budsjettekniske endringar som har samanheng med at budsjettet for 2005 også omfatta eingongsutgifter i samband med at BaneService vart utskild frå Jernbaneverket og omdanna til eit statleg aksjeselskap.
Til saman om lag 4,4 milliardar kroner av løyvinga til jernbaneføremål går til Jernbaneverket og skal nyttast til drift, vedlikehald og investeringar som gjeld linenettet til jernbanen. Dette beløpet er om lag 3 prosent høgare enn det som er løyvd for 2005.
Innanfor løyvingane til investeringar er det sett av midlar til utbygging av dei nye prosjekta Lysaker stasjon, nytt dobbeltspor Sandnes – Stavanger, Brattøra godsterminal i Trondheim og nytt dobbeltspor Kolbotn – Ski på Østfoldbanen, medrekna utbygging av Ski stasjon. Forslaget til investeringsbudsjett omfattar elles mellom anna 510 millionar kroner som skal brukast til utbygging av ny togradio av typen GSM-R.
Til drift av Statens jernbanetilsyn er det sett av 31,7 millionar kroner.
Løyvingane til jernbaneføremål omfattar òg 1,58 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransporttenester med tog.
Luftfart: 691 millionar kroner
Samla budsjettforslag for statlege utgifter til luftfartsføremål i 2006 er på 691,5 millionar kroner.
For 2006 er det foreslått 480,6 millionar kroner til statleg kjøp av innanlandske flyrutetenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Dette er ein auke på om lag åtte prosent frå 2005.
Det er ikkje foreslått statleg tilskott til Avinor sine regionale flyplassar i 2006. Selskapet har for tida ei positiv utvikling i sin økonomi. Dette har sin årsak både i trafikkvekst og verknader av arbeidet med omstilling. Underskottet for dei regionale flyplassane til Avinor skal i 2006 finansierast ved overføringar frå dei andre lufthamnene.
Regjeringa gjer framlegg om 16,6 millionar kroner i tilkott til ikkje-statlege flyplassar. Dette gjeld tilskott til flygeinformasjonstenesta ("AFIS-tilskott") ved ikkje-statlege flyplassar med rutetrafikk.
Til Luftfartstilsynet er det gjort framlegg om å løyve 163,7 millionar kroner.
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 30,6 millionar kroner til Statens havarikommisjon for transport, som skal undersøke ulukker og hendingar innan sivil luftfart, jernbane- og vegtransport i Noreg.
Post og telekommunikasjon
For post og telekommunikasjon er det gjort framlegg om i alt 228,4 millionar kroner i statlege løyvingar for 2006. Heile beløpet gjeld Post- og teletilsynet.
Samanlikna med 2005 går dei samla løyvingane for post og telekommunikasjon ned med om lag 58 prosent. Dette har si årsak i at det for 2006 ikkje er behov for å løyve særskilte midlar over statsbudsjettet til statleg kjøp av posttenester. Posten Noreg AS sitt overskott frå tenester selskapet har einerett til, er i 2006 venta å bli så stort at Posten neste år sjølv blir i stand til fullt ut å dekkje kostnadene for såkalla bedriftsøkonomisk ulønsame tenester.
Over Samferdselsdepartementets budsjett er det for neste år gjort framlegg om ei løyving på to millionar kroner til etablering av eit medie- og kommunikasjonssenter på Vestbanen i Oslo. Støtta i 2006 og eventuelt for dei to neste åra er avhengig av at prosjektgruppa legg fram ein tilfredsstillande plan for finansiering av vidare drift og investering, går det fram av budsjettforslaget.
"Kollektivtransport for alle": 50 millionar kroner til ny tilskottsordning
Regjeringa går inn for at det over statsbudsjettet for 2006 skal løyvast 50 millionar kroner til ei ny tilskottsordning for å gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg for alle. Dette kjem i tillegg til dei midlane som Jernbaneverket, Statens vegvesen og Avinor AS nyttar til slike tiltak over sine ordinære budsjetter.
Den nye tilskottsordninga er ein del av programmet BRA (Betre infrastruktur, Rullande materiell, Aktiv logistikkforbetring). Programmet skal medverke til at fleire kan nytte seg av kollektive transportmiddel frå "start til mål", utan å ta i bruk spesielle løysingar og hjelpemiddel. Tilskottsordninga skal delfinansiere kommunale og fylkeskommunale tiltak for å gjere kollektivtransporttenester meir tilgjengelege.
11,2 millioner kroner er foreslått til Samferdselsdepartementets medverknad i forsøksordningar med tilskott til arbeids- og utdanningsreiser for dei som er funksjonshemma.
FoU: 166 millionar kroner til forsking og utvikling i samferdselssektoren
Regjeringa foreslår at det over Samferdselsdepartementets budsjett for 2006 skal løyvast i alt 166,2 millionar kroner til forsking, utgreiing og utvikling. Dette er ein auke på 10,5 millionar kroner, eller 6,7 prosent, i forhold til 2005. I tillegg kjem den innsatsen som dei statlege samferdselsetatane sjølv gjer når det gjeld forsking og utvikling.
Auka satsing på miljøvennleg transport
Innanfor forslaget på 166 millionar kroner til forsking og utvikling er det sett av 22,3 millionar kroner til forsøk med alternative drivstoff og miljøvennleg teknologi. Dette er om lag det same som for 2005, og er ei vidareføring av regjeringa si auka satsing på miljøvennleg transport. Midlane skal særleg rettast inn mot områda hydrogen, biodrivstoff og nullutsleppsteknologi.