Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2006: Post og telekommunikasjon: Høg kvalitet over heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemeldinger

Pressemelding

Nr.: 128/05
Dato: 14.10.05

Statsbudsjettet 2006:

Post og telekommunikasjon: Høg kvalitet over heile landet

For post og telekommunikasjon er det gjort framlegg om i alt 228,4 millionar kroner i statlege løyvingar for 2006. Heile beløpet gjeld Post- og teletilsynet.

Samanlikna med 2005 går dei samla løyvingane for post og telekommunikasjon ned med om lag 58 prosent. Dette har si årsak i at det for 2006 ikkje er behov for å løyve særskilte midlar over statsbudsjettet til statleg kjøp av posttenester. Posten Noreg AS sitt overskott frå tenester selskapet har einerett til, er i 2006 venta å bli så stort at Posten neste år sjølv blir i stand til fullt ut å dekkje kostnadene for såkalla bedriftsøkonomisk ulønsame tenester.

Post- og teletilsynet

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 228,4 millionar kroner til Post- og teletilsynet, ein auke på om lag fire prosent. Auken har samanheng med at løyvingar til tryggleik og beredskap på teleområdet skal førast over budsjettet til Post- og teletilsynet frå og med 2006, medan slike løyvingar tidlegare skjedde over budsjettet til Samferdselsdepartementet.

Utbytte frå Posten Noreg AS

Regjeringa gjer framlegg om eit utbytte på 216 millionar kroner frå Posten i 2006.

Medie- og kommunikasjonssenter

Over Samferdselsdepartementets budsjett er det for neste år gjort framlegg om ei løyving på to millionar kroner til etablering av eit medie- og kommunikasjonssenter på Vestbanen i Oslo. Støtta i 2006 og eventuelt for dei to neste åra er avhengig av at prosjektgruppa legg fram ein tilfredsstillande plan for finansiering av vidare drift og investering, går det fram av budsjettforslaget.