Statsbudsjettet 2005: Tryggare trafikk med betre vegar, fleire kontrollar og ny føraropplæring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 06.10.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 111/04
Dato: 06.10.04
Statsbudsjettet 2005:
Tryggare trafikk med betre vegar, fleire kontrollar og ny føraropplæring!
Regjeringa gjer i budsjettet for 2005 framlegg om 470 millionar kroner til særskilte tiltak for trafikksikring på vegnettet. Dette er ein auke på om lag 70 millionar kroner samanlikna med 2004. I tillegg kjem bompengar, slik at det i alt vil bli nytta 540 millionar kroner til slike tiltak i 2005.
Innanfor summen på 540 millionar kroner til særskilte tiltak for trafikksikring på vegnettet kjem tiltak retta mot møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med mjuke trafikantar. Dette er dei mest alvorlege ulukkene. Tiltaka vil mellom anna omfatte bygging av midtrekkverk, utbetringar av kurvar og kryss, betre tilrettelegging for mjuke trafikantar som skal krysse vegen, montering av rekkverk og auka bruk av automatisk trafikkontroll.
I tillegg kjem den auka tryggleiken ein får ved bygging av nye vegar, gang- og sykkelvegar, rassikring, kontroll og tilsyn.
Utbygging til fire felt og midtrekkverk
Regjeringa vil prioritere tiltak retta mot dei mest alvorlege ulukkene. Utbygging til fire felt på vegar med stor trafikk og bygging av fysiske skilje mellom køyreretningane på vegar med mindre enn fire felt vil redusere talet på møteulukker.
- Framlegget til budsjett vil føre til at det i perioden 2002-2005 vil vere tatt i bruk om lag 60 kilometer ny veg med fire felt. I tillegg vil det i perioden vere sett i gang arbeid på enda 62 kilometer veg som vil bli opna for trafikk etter 2005. Dessutan vil det langs dagens vegar frå 2002 til 2005 bli bygt om lag 75 kilometer midtrekkverk, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.
På vegar med mindre enn fire felt er fysiske skilje mellom køyreretningane eit viktig tiltak for å få ned talet på dødsulukker. Bygging av midtrekkverk er mest aktuelt på vegar der det har vore mange møteulukker. Dette vil i praksis seie den delen av vegnettet der trafikkmengda gjer det ønskjeleg med utbygging til firefeltsveg, men der slik utbygging ligg langt fram i tid. I 2005 blir det lagt opp til å byggje om lag 15 kilometer midtrekkverk på vegar som berre har to eller tre felt. For 2005 er det sett av om lag 75 millionar kroner til dette arbeidet.
Rassikring
Regjeringa går i budsjettforslaget for 2005 inn for at det for neste år skal brukast i alt om lag 490 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. Av dette beløpet er nær 185 millionar kroner løyvingar under den særlege posten ”Rassikring”, 270 millionar kroner gjeld investeringsmidlar til andre prosjekt og tiltak med rassikringsgevinst, medan det ved hjelp av bompengar vil bli nytta 40 millionar kroner til rassikring. For 2005 er det planlagt å utbetre sju rasutsette strekningar og 11 rasutsette punkt på vegnettet.
Gang- og sykkelvegar
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 210 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelvegar i budsjettet for 2005. I tillegg kjem bompengar, slik at det til saman skal nyttast 310 millionar kroner til gang- og sykkelvegar neste år. I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelvegar som inngår i heilt nye vegprosjekt. Det er planlagt å byggje 43 kilometer gang- og sykkelvegar i 2005.
Fleire kontrollar og ny føraropplæring
Regjeringa ønskjer å prioritere tiltak retta mot grupper som er særskilt utsette for ulukker: Unge førarar, førarar av tungtransport og førarar av motorsykkel. Frå 1. januar 2005 blir den nye føraropplæringa sett i verk. Den nye, modulbaserte opplæringa skal leggje til rette for at nye bilførarar blir tryggare i trafikken, slik at dei høge ulukkestala for denne gruppa av bilførarar kan gå ned.
Bruken av automatisk trafikkontroll (ATK) for kontroll av fart skal aukast. Dette skal mellom anna skje ved hjelp av fleire kamera og meir bruk av digitale kamera som vil gje betre kvalitet på bileta.
Det er lagt opp til ein auke i talet på bilbeltebilkontrollar. I 2005 er det planlagt 875 000 bilbeltekontrollar, noko som er 35 000 fleire enn i 2004. I tillegg er det planlagt 275 000 kontrollar av tyngre køyretøy.
Statens havarikommisjon for transport
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving til Statens havarikommisjon for transport (tidlegare Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane) på om lag 32 millionar kroner. Dette er ein auke på om lag 36 prosent samanlikna med 2004. Auken har samanheng med at kommisjonen frå 2005 òg skal undersøke ulukker i vegtrafikken.
Nullvisjonsprosjektet
Det nasjonale demonstrasjonsprosjektet for nullvisjonen, "Trafikksikkerhet Lillehammer - med nullvisjonen i sikte" blir ført vidare i 2005. I dette prosjektet prøvar ein ut dei ulike trafikksikringstiltaka som er retta mot heile trafikksystemet, frå trafikant til køyretøy og vegnett. Nullvisjonsprosjektet har ei kostnadsramme på om lag 100 millionar kroner, og skulle vere ferdig i 2005. Det blir no lagt opp til at prosjektperioden òg skal omfatte 2006, og så skal prosjektet bli evaluert.
Tilskott til Trygg Trafikk og Syklistenes Landsforening
Over Samferdselsdepartementet sitt administrasjonsbudsjett er det for 2005 foreslått å løyve tilskott til to organisasjonar som arbeider innanfor feltet trafikktryggleik. Det blir gjort framlegg om 17,5 millionar kroner til Trygg Trafikk. Dette er ein auke på 0,6 millionar kroner frå 2004. Det er foreslått 0,4 millionar kroner til Syklistenes Landsforening, til arbeid for ein sikrare og betre tilrettelagt sykkeltrafikk. Denne løyvinga er om lag på same nivå som i 2004.