Statsbudsjettet 2005: Jernbaneføremål: 5,8 milliardar kroner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 06.10.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 112/04
Dato: 06.10.04
Statsbudsjettet 2005:
Jernbaneføremål: 5,8 milliardar kroner
Regjeringa gjer framlegg om at det over statsbudsjettet for neste år skal løyvast i alt 5,8 milliardar kroner til jernbaneføremål. Samanlikna med 2004 svarer dette til ein auke på vel 155 millionar kroner, eller 2,5 prosent, når ein tar omsyn til budsjettekniske endringar som har samanheng med forslaget om at infrastrukturen til jernbanen frå og med neste år blir omfatta av meirverdiavgiftssystemet, med full sats. Forslaget om endringar i dette avgiftssystemet gjer at jernbaneinvesteringar i større grad vil bli handsama på line med veginvesteringar.
Til saman nær 4,3 milliardar kroner av løyvinga til jernbaneføremål går til Jernbaneverket og skal nyttast til utbygging, drift og vedlikehald av linenettet for jernbanen. Korrigert for endringar i meirverdiavgiftsystemet er dette ein auke på 1,5 prosent samanlikna med 2004.
80 millionar kroner er sett av til tiltak for å gjere stasjonar og trafikknutepunkt betre tilgjengeleg for publikum, noko som er ei femdobling av innsatsen i forhold til 2004. Som ein del av desse tiltaka vil det mellom anna bli lagt vekt på betre informasjon og service for publikum.
Løyvingane til jernbaneføremål omfattar dessutan vel 1,5 milliardar kroner i statleg kjøp av persontransporttenester med tog og nær 27 millionar kroner til drift av Statens jernbanetilsyn.
Utbygging, drift og vedlikehald av linenettet
Regjeringa gjer framlegg om at det skal løyvast 1 423 millionar kroner innanfor investeringsbudsjettet til Jernbaneverket (korrigert for endringar i meirverdiavgiftsystemet tilsvarer dette eit beløp på om lag 1,7 milliardar kroner).
Det er sett av 760 millionar kroner innanfor investeringsbudsjettet til Jernbaneverket til å gjere ferdig arbeidet med nytt dobbeltspor Sandvika – Asker, som dermed blir klar til å ta trafikk neste år. Utbygging av GSM-R-togradio og fjernstyring av Nordlandsbanen på strekningen Mosjøen – Bodø er elles prosjekt som blir prioriterte. Regjeringa foreslår òg at arbeidet med bygging av ny godsterminal på Ganddal i Rogaland skal setjast i gang i 2005. I tillegg er det sett av midlar til planlegging, prosjektering og kjøp av grunn for mellom anna dobbeltsporutbygging Sandnes – Stavanger, Lysaker stasjon, nytt dobbeltspor Lysaker – Sandvika, utbygging til to spor mellom Bergen stasjon og Fløen og modernisering av godsterminalen på Alnabru i Oslo.
- Løyvingane til jernbaneføremål er mellom anna retta mot satsing på persontog i område med stort trafikkgrunnlag, slik som nærtrafikken rundt dei store byane og Intercity-trafikken på strekningane Skien – Oslo, Lillehammer – Oslo og Halden – Oslo. For å få til nytenking og for å få meir ut av ressursane innan jernbanen, er det dessutan det nødvendig med bruk av konkurranseutsetting, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.
Forslaget om løyving til drifts- og vedlikehaldsoppgåvene til Jernbaneverket er på 2 773 millionar kroner. Dette er ein auke med 7,7 prosent når ein tar omsyn til verknaden av forslaget om at infrastrukturen til Jernbaneverket skal vere omfatta av meirverdiavgift, med full sats. - Denne auken gjer det mogeleg å leggje enda betre til rette for driftssikre togliner og dermed betre regularitet og meir påliteleg togtrafikk, seier samferdselsministeren.
Statleg kjøp av persontransporttenester med tog: Vel 1,5 milliardar kroner
1 502 millionar kroner er ført opp til statleg kjøp av persontransporttenester med tog. Dette er ein auke med 6,1 prosent, samanlikna med 2004.
Ordninga med slikt statleg kjøp omfattar særleg nærtrafikken med tog rundt Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger og Intercity-trafikken på Austlandet, i tillegg til region- og lokaltog. Frå og med 2005 er dessutan drifta av nattog på Bergensbanen og Dovrebanen omfatta av ordninga, medan drifta av nattog på Sørlandsbanen og Nordlandsbanen allereie er omfatta av ordninga med statleg kjøp av persontransporttenester. Drifta av dagtog på Dovrebanen, Bergensbanen og mellom Oslo og Kristiansand vil framleis skje på kommersielt grunnlag, utan statleg kjøp av persontransporttenester i 2005. Det er også lagt til grunn at NSB vil tilby gunstige rabattar på reiser med tog over lengre strekningar, mellom anna rabattar som er attraktive for studentar.
I budsjettforslaget er det dessutan lagt opp til enkelte forbetringar av tilbodet på strekninga Oslo – Lillehammer og på Jærbanen, det vil seie strekningar med stor trafikk.
Statens jernbanetilsyn: 26,8 millionar kroner
Til drift av Statens jernbanetilsyn er det gjort framlegg om å løyve 26,8 millionar kroner over statsbudsjettet for 2005.
Linenettet: Fordeling av vel 1,4 milliardar kroner i investeringsmidlar
Regjeringa foreslår i alt 1 423 millionar kroner til investeringar i linenettet, som skal nyttast slik (alle beløpa er eksklusiv meirverdiavgift):
- 760 millionar kroner er sett av til bygging av nytt dobbeltspor Sandvika – Asker, medrekna modernisering og oppgradering av Asker stasjon. Dette prosjektet er ein del av utbygging til fire spor på strekninga Skøyen – Asker. Anleggsarbeidet på delstrekninga Sandvika - Asker vil vere ferdig sommaren 2005. Etter prøvekjøring hausten 2005 vil så den nye strekninga bli tatt i bruk i samband med ruteendringa omkring årsskiftet 2005/2006.
- 53 millionar kroner skal nyttast til arbeid med teknisk og tryggingsmessig oppgradering av Lieråsen tunnel på Drammenbanen.
- 93 millionar kroner er sett av til fjernstyring på Nordlandsbanen, fordelt med 63 millionar kroner til Grong – Mosjøen og 30 millionar kroner til Mosjøen – Bodø.
- 75 millionar kroner gjeld Ganddal godsterminal, på Jærbanen. Beløpet skal nyttast til planlegging, kjøp av grunn og igangsetjing av anleggsarbeid. Utbygginga av godsterminalen vil vere med på å forbetre tilgjengeleg sporkapasitet mellom Ganddal og Stavanger, det vil seie ei strekning som i dag blir nytta av 8 – 10 godstog i døgnet. Den frigjorde sporkapasiteten vil leggje til rette for auka fleksibilitet i drift av persontogtrafikken på denne strekninga. Utbygginga av Ganddal godsterminal må dessutan sjåast i samanheng med den planlagde utbygginga av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger.
- 226 millionar kroner skal nyttast til planlegging og kjøp av grunn. Beløpet omfattar mellom anna planlegging som gjeld desse prosjekta: Lysaker (utbygging til fire spor med plattform og tilrettelegging som knutepunkt for kollektivtrafikk), nytt dobbeltspor Lysaker – Sandvika og utbygging av dobbeltspor Sandnes – Stavanger. Det vil også bli sett i gang planlegging og prosjektering av arbeidet med å byggje om Alnabru godsterminal, for å modernisere terminalen slik at han mellom anna blir betre i stand til å ta unna auka containertransport og anna godstransport. I tillegg vil det bli sett i gang planlegging og prosjektering av utbygging til to spor på strekninga Fløen – Bergen, som første trinn i utbygging av dobbeltspor Arna – Bergen.
- 285 millionar kroner går til utbygging av togradiosystem av typen GSM-R (Global System for Mobile Communications – Rail). Utbygginga av GSM-R i 2005 omfattar blant anna strekningane Gjøvikbanen, Østfoldfoldbanens austre linje og Flåmsbanen. I beløpet inngår midlar til prosjektering og kjøp av grunn, i samband med utbygging av GSM-R på resten av jernbanenettet.
- 50 millionar kroner er sett av til tiltak for å auke kapasiteten i linenettet for både gods- og persontransport. Midlane skal mellom anna nyttast til arbeidet med Roven kryssingsspor på Kongsvingerbanen. Dette arbeidet blir ferdig i 2005 og vil føre til auka kapasitet og meir fleksibel trafikkavvikling på Kongsvingerbanen. – I tillegg vil det vere behov for midlar til mellom anna prosjektering og førebuing av fleire andre tiltak for å auke kapasiteten, mellom anna på Eiterstraum kryssingsspor på Nordlandsbanen, går det fram av budsjettforslaget.
- 80 millionar kroner er sett av til tiltak for å gjere stasjonar og trafikknutepunkt betre tilgjengeleg for publikum, noko som er ei femdobling av innsatsen i forhold til 2004. Som ein del av desse tiltaka vil det mellom anna bli lagt vekt på betre informasjon og service for publikum, i tillegg til arbeid som er med på å gjere publikumsområda enda tryggare og meir tilgjengeleg for alle. Det er blant anna planlagt større ombyggingstiltak på stasjonane Haugenstua i Oslo, Strømmen i Akershus og Heimdal i Sør-Trøndelag.
- 15 millionar kroner av investeringsmidlane skal gå til byggjearbeid ved den nye trafikkstyringssentralen i Trondheim. I tillegg vil det over vedlikhaldsbudsjettet til Jernbaneverket bli nytta 30 millionar kroner til dette arbeidet i 2005. Den nye sentralen vil vere ferdig i 2006, i takt med utbygginga av fjernstyring på Nordlandsbanen.