Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2005: Anleggsstart for fleire nye vegprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 116/04
Dato: 06.10.04

Statsbudsjettet 2005:

Anleggsstart for fleire nye vegprosjekt

Regjeringa sitt forslag om å føre vidare eit høgt nivå for riksveginvesteringane gir rom for at det i 2005 skal setjast i gang til saman ti nye, større vegprosjekt, fordelt med fem prosjekt på stamvegnettet og fem prosjekt på andre riksvegar.

I tillegg vil det neste år bli sett i gang anleggsarbeid på ei rekkje andre nye, men noko mindre prosjekt, på både stamvegnettet og på såkalla ”øvrige riksvegar”.

Samferdselsdepartementet går inn for å setje i gang desse nye prosjekta på stamvegnettet:

E6 frå Svinesund og gjennom Sarpsborg (Svingenskogen – Åsgård) i Østfold
E 39 Sørås – Hop i Hordaland
E 39 Halhjem/Sandvikvåg ferjekaier i Hordaland
E 39 Romarheimsdalen (Gammelsæter – Nipetjørn) i Hordaland
E 16 Wøyen – Bjørum i Akershus

For såkalla ”øvrige riksvegar”, det vil seie riksvegar utanom stamvenettet, er det for neste år lagt opp til anleggsstart på desse nye, større vegprosjekta:

riksveg 150 Ulvensplitten – Sinsen i Oslo
riksveg 44 Stangeland – Skjæveland i Rogaland
riksveg 544 Halsnøysambandet i Hordaland
riksveg 55 Stedjeberget i Sogn og Fjordane
riksveg 668 Ellingsøy- og Valderøytunnelane og Møre og Romsdal. Prosjektet gjeld utbetring av dei eksisterande tunnelane.