Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2005: 60 millionar kroner til "Nasjonale turistvegar"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 117/04
Dato: 06.10.04

Statsbudsjettet 2005:

60 millionar kroner til "Nasjonale turistvegar"

Regjeringa gjer framlegg om at det innanfor investeringsbudsjettet for riksvegane skal nyttast i alt 60 millionar kroner til å føre vidare arbeidet med å utvikle dei nye ”nasjonale turistvegane”.

I 2005 vil midlane særleg bli nytta på Atlanterhavsvegen, i området Geiranger – Trollstigen ( Møre og Romsdal), i Hardanger (Hordaland), i Ryfylke (Rogaland) og i Lofoten (Nordland).

For å sikre same kvalitet på turistvegstrekningane vil det bli gjennomført ei harmonisering av alle prosjekta ut frå felles kvalitetskriterie. Som ein del av dette arbeidet vil det bli tatt stilling til kva for turistvegprosjekt som skal gjennomførast i tida framover. Samferdselsdepartementet vil bli orientert om forslaga og dei vurderingane som ligg til grunn, før det så blir gjort endelege vedtak om gjennomføring av turistvegprosjekt.

Arbeidet med desse vurderingane og forslaga vil bli utført av Vegdirektoratet, i samråd med eit kvalitetsstyre med representantar frå Reiselivsbedriftenes Landsforbund, Direktoratet for naturforvaltning, Kommunenes sentralforbund, Innovasjon Norge og Norges Automobilforbund. Samferdselsdepartementet har elles bede Vegdirektoratet om at dei kommunane som er omfatta av turistvegprosjekt skal trekkjast med i den vidare prosessen, mellom anna ved at dei skal få høve til å leggje fram sine synspunkt gjennom lokal høyring.