Historisk arkiv

Auka tilskott til luftfartsføremål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 116/03
Dato: 08.10.03

Statsbudsjettet 2004:

Auka tilskott til luftfartsføremål

Regjeringa gjer framlegg om 885 millionar kroner til luftfartsføremål i 2004. Korrigert for eingongsutgifter som gjeld etableringa av Avinor AS, er dette ein auke på om lag 10 prosent samanlikna med 2003.

- Regjeringa vil sikre at heile landet får eit framtidsretta og trygt flyrutetilbod, og vi viderefører difor ei sterk satsing på luftfarten i Noreg, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Statleg kjøp av flyrutetenester

Det blir gjort framlegg om å nytte 420,5 millionar kroner til statleg kjøp av flyrutetenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Dette vil gje om lag det same aktivitetsnivået som i 2003. Beløpet er basert på dei anbodskontraktane som gjeld for drift av regionale flyruter fram til 1. april 2006 og anbodskontrakt for helikopterruta Værøy – Bodø, for perioden 1. august 2002 – 31. juli 2005.

Tiskott til regionale lufthamner

Regjeringa gjer framlegg om eit tilskott på 277 millionar kroner til dei regionale lufthamnene. Av tilskottet går 264 millionar kroner til dei 28 regionale lufthamnene som blir drivne av Avinor AS, medan 13 millionar kroner er tilskott til flygeinformasjontenesta ved andre ikkje-statlege flyplassar med rutetrafikk.

Luftfartstilsynet

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 164,2 millionar kroner til Luftfartstilsynet i 2004. Dette er ein auke på om lag 37 prosent, samanlikna med 2003. Auken kjem av kostnadar i samband med flyttinga av Luftfartstilsynet frå Oslo til Bodø.

Luftfartstilsynet si hovudoppgåve er å styrkje tryggleiken i norsk sivil luftfart. I tillegg til ordinære tilsynsoppgåver vil Luftfartstilsynet i 2004 særleg arbeide med tryggingstiltak ved lufthamnene, arbeidsmiljøet i luftfarten og tryggleiken i helikoptertrafikken på norsk kontinentalsokkel.

Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane

23,3 millionar kroner er sett av til Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane (HSLB). Dette er om lag det same som i saldert budsjett for 2003. Det blir no førebudd ei utviding av ansvarsområdet til kommisjonen, slik at ansvaret i framtida òg skal omfatte vegtrafikk. Ei slik utviding av ansvarsområdet vil truleg skje mot slutten av 2004.