Historisk arkiv

60 millionar kroner til "Nasjonale turistvegar"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 113/03
Dato: 08.10.03

Statsbudsjettet 2004:

60 millionar kroner til ”Nasjonale turistvegar”

Regjeringa gjer framlegg om at det innanfor investeringsbudsjettet for riksvegane skal nyttast om lag 60 millionar kroner i 2004 til å føre vidare arbeidet med å utvikle dei nye ”nasjonale turistvegane”. Dette er ein auke på 25 millionar kroner, samanlikna med 2003.

Utviklinga av dei nasjonale turistvegane er eit landsdekkjande prosjekt, under leiing av Vegdirektoratet. Prosjektet legg opp til å utvikle i alt 18 nasjonale turistvegar i løpet av perioden 2002-2011. Gjennomføringa av prosjektet skjer i samarbeid med kommunar, fylkeskommunar, reiselivsorganisasjonar, verksemder, grendelag og privatpersonar.

I 2004 vil midlane i hovudsak bli nytta på Atlanterhavsvegen, i Geiranger og på Trollstigen (Møre og Romsdal), i Hardanger (Hordaland), Ryfylke (Rogaland) og i Lofoten (Nordland).