Historisk arkiv

510 millionar kroner til rassikring på riksvegnettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 111/03
Dato: 08.10.03

Statsbudsjettet 2004:

510 millionar kroner til rassikring på riksvegnettet

Regjeringa går i budsjettforslaget for 2004 inn for at det neste år skal brukast i alt 510 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på sikre mot ras på riksvegnettet. Av dette beløpet er 204 millionar løyvingar under den særlege posten "Rassikring", medan 306 millionar kroner gjeld investeringsmidlar til andre prosjekt og tiltak på vegnettet med rassikringsgevinst. Det er i 2004 planlagt å utbetre 20 rasutsette strekningar og 54 rasutsette punkt.

- I tillegg til å hindre ulykker, er rassikring også viktig for å få bort noko av den uvissa og uroa som mange opplever fordi til dømes skoletransport dagleg må passere rasutsette strekningar. Ras og rasfare fører også til dårlegare og meir upåliteleg transport for næringslivet i distrikta. Rassikring er difor mange stader avgjerande for at folk og næringsliv skal ha eit trygt og tenleg transporttilbod, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Desse prosjekta er prioriterte i 2004 når det gjeld rassikring:

  • Rv 9 Flåstrondi i Aust-Agder
  • Rv 43 Aunevik – Bukkesteinen i Vest-Agder
  • Rv 13 Iversflaten i Rogaland
  • Rv 550 Syreflot – Aga i Hordaland
  • Rv 550 Velureskredene i Hordaland
  • E16 Voldum – Seltun i Sogn og Fjordane
  • E 39 Teigen – Bogen i Sogn og Fjordane (ekstern finansiering)
  • Rv 650 Dyrkorn – Visettunnelen i Møre og Romsdal
  • Rv 651 Greifsneset – Løvikneset i Møre og Romsdal
  • Rv 76 Tosenvegen i Nordland
  • E6 Bånes – Birtavarre i Troms

I tillegg kan prosjektet riksveg 503 Gloppedalen i Rogaland bli fullført i 2004 med tidlegare løyvde stalege midlar, i fall det blir tilslutnad til fylkeskommunal forskottering.

Innanfor løyvingane til vegformål vil det ellers bli nytta midlar til ei rekkje mindre rassikringstiltak, både på stamvegnettet og på andre riksvegar.