Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2003: Luftfart: Kraftig auke i tilskott til regionale lufthamner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 117/2002
Dato: 03.10.02

Statsbudsjettet 2003:

Luftfart: Kraftig auke i tilskott til regionale lufthamner

Regjeringa gjer framlegg om å auke det statlege tilskottet til dei regionale lufthamnene med vel 150 millionar kroner i 2003, samanlikna med saldert budsjett 2002. Denne auken fører til at tilskottet neste år blir på 262,5 millionar kroner.

- Ein kraftig auke i det statlege tilskottet til dei regionale lufthamnene er naudsynt for å sikre økonomien og tryggleiken på dei mange mindre flyplassane i distrikta. Regjeringa vil med dette vere med på å sikre heile landet eit framtidsretta og trygt flyrutetilbod, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

250 millionar kroner av tilskottet går til dei 28 regionale lufthamnene som blir drivne av Luftfartsverket, medan 12,5 millionar kroner er tilskott til ikkje-statlege lufthamner.

Luftfartsverket blir statleg aksjeselskap

Regjeringa vil seinare i haust komme med framlegg om at Luftfartsverket skal gjerast om til som eit statleg aksjeselskap frå 1. januar 2003. Formålet er mellom anna å gje Luftfartsverket større fleksibilitet og økonomisk handlefridom. Det blir difor ikkje lagt fram noko budsjettforslag for Luftfartsverket i samband med statsbudsjettet for 2003.

Statleg kjøp av flyrutetenester

Det blir gjort framlegg om å nytte 401,1 millionar kroner til statleg kjøp av flyrutetenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Beløpet er basert på dei anbodskontraktar som i dag gjeld for drift av regionale flyruter fram til 31. mars 2003 og nye anbodskontraktar for perioden 1. april 2003 – 31. mars 2006.

Luftfartstilsynet

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 120 millionar kroner til Luftfartstilsynet i 2003. Dette er ein auke på 3,2 prosent, samanlikna med saldert budsjett 2002.

Luftfartstilsynet si hovudoppgåve er å styrkje flytryggleiken i sivil norsk luftfart. Tryggingsarbeidet til Luftfartstilsynet tek utgangspunkt i regjeringas visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller alvorleg skadde i transportsektoren.

I tillegg til ordinære tilsynsoppgåver vil Luftfartstilsynets i 2003 særleg arbeide med flysikringstenestene, lufthamner og tryggingstiltak ved lufthamnene og auka krav til kompetanse til aktørane i sivil luftfart.

Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane

23 millionar kroner er sette av til Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane (HSLB). Dette er ein auke på 13,9 prosent, samanlikna med saldert budsjett 2002. Auken har samanheng med at Havarikommisjonen har fått utvida sitt virkeområde til også å gjelde undersøking av ulykker og alvorlege hendingar innan jernbanesektoren.