Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2003: 550 millionar kroner til rassikring på riksvegnettet - ein auke på nær 10 prosent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 119/2002
Dato: 03.10.02

Statsbudsjettet 2003:

550 millionar kroner til rassikring på riksvegnettet - ein auke på nær 10 prosent

Regjeringa går i budsjettforslaget for 2003 inn for at det neste år skal brukast i alt 550 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på sikre mot ras på riksvegnettet. Av dette beløpet er 420 millionar kroner midlar som inngår i framlegget til statlege løyvingar til riksveginvesteringar, medan 130 millionar kroner er bompengemidlar. Samanlikna med 2002 er dette ein auke på 45 millionar kroner i statlege midlar til rassikring.

- Løyvingane til rassikring er i 2003 større enn nokon gong tidlegare. I tillegg til å hindre ulykker, er rassikring også viktig for å få bort noko av den uvissa og uroa som mange opplever fordi til dømes skoletransport dagleg må passere rasutsette strekningar. Ras og rasfare fører også til dårlegare og meir upåliteleg transport for næringslivet i distrikta. Rassikring er derfor mange stader avgjerande for at folk og næringsliv skal ha eit trygt og tenleg transporttilbod, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

I budsjettframlegget blir det mellom anna vist til at det neste år blir sett i gang større rassikringstiltak på desse tre strekningane:

  • Riksveg 43 Aunevik – Bukkesteinen i Vest-Agder
  • Riksveg 550 Velureskredene i Hordaland
  • E6 Bånes – Birtavarre i Troms

I tillegg vil det for 2003 bli løyvd midlar til vidare arbeid med rassikringstiltak på desse strekningane:

  • Riksveg 13 Iversflaten i Rogaland
  • Riksveg 13 Oaldskar – Stana i Hordaland
  • E16 Voldum – Seltun i Sogn og Fjordane
  • E39 Teigen – Bogen i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 13 Dragsvik – Vetlefjorden i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 650 Dyrkorn – Visettunnelen i Møre og Romsdal
  • Riksveg 651 Greifsneset – Løvikneset i Møre og Romsdal
  • E6 Ildhøllia i Nordland
  • Riksveg 76 Tosenvegen i Nordland
  • E6 Skardalen – Bånes i Troms

I tillegg kjem ei rekkje mindre rassikringstiltak, både på stamvegnettet og andre riksvegar.