Statsbudsjettet 2003: 35 millionar kroner til "Nasjonale turistvegar"
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 03.10.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 120/2002
Dato: 03.10.02
Statsbudsjettet 2003:
35 millionar kroner til ”Nasjonale turistvegar”
Regjeringa gjer framlegg om at det innanfor investeringsbudsjettet for riksvegane skal nyttast 35 millionar kroner i 2003 til å føre vidare arbeidet med å utvikle dei nye ”nasjonale turistvegane”.
Desse ”turistvegane” finn ein i Lofoten (Nordland), langsetter Atlanterhavsvegen, i Geirangerområdet og Trollstigen (Møre og Romsdal), i Hardanger (Hordaland) og i Ryfylke (Rogaland). For neste år er det lagt mest vekt på E 10 i Lofoten.
Delar av midlane skal dessutan nyttast til arbeid med å utvikle forprosjekt og gjennomføre førehandsvurderingar av nye strekningar, som del av førebuingane til Nasjonal transportplan 2006-2015.