Styrka satsing på petroleumsforsking
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
–I neste års budsjett blir det foreslått å auke midla til petroleumsforskinga med om lag 100 millionar kroner, seier olje- og energiminister Thorhild Widvey. (14.10.05)
Pressemelding
Nr.: 133/05
Dato: 14.10.2005
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09
Styrka satsing på petroleumsforsking
–I neste års budsjett blir det foreslått å auke midla til petroleumsforskinga med om lag 100 millionar kroner, seier olje- og energiminister Thorhild Widvey. –Regjeringa legg stor vekt på å styrke satsinga på petroleumsforsking for å fremje den norske petroleumsnæringa. For å sikre verdiskapinga frå norsk kontinentalsokkel, er det avgjerande at vi opprettheld eit sterkt kompetansemiljø innanfor denne næringa i Noreg, seier statsråd Widvey.
Det blir over Olje- og energidepartementets budsjett i 2006 foreslått å løyve 293,5 millionar kroner til petroleumsforskinga. Av desse vil 291,1 millionar kroner gå gjennom Noregs Forskingsråd. Dette er ei auke på 71,2 millionar kroner i forhold til 2005. I tillegg kjem midlar til petroleumsforsking frå Forskingsfondets avkastning og bidrag frå andre departement. Den samla satsinga på petroleumsforsking blir dermed i underkant av 400 millionar kroner i 2006.
–Regjeringa sitt forslag er eit stort skritt i retning av å nå målet om 600 millionar kroner i årleg offentleg støtte til petroleumsforsking, og medverkar sterkt til at dette målet kan nåast, seier statsråd Widvey. –Realisering av dette målet er viktig for å oppnå langsiktig, høg verdiskaping frå norsk kontinentalsokkel og petroleumsnæring, legg statsråden til.
Petroleumsforskinga vil i 2006 hovudsakeleg være organisert i to program, i Noregs Forskingsråd PETROMAKS og Demo 2000. Desse programma skal medverke til å oppfylle måla som er satt gjennom den nasjonale teknologistrategien til petroleumsnæringa, «Olje og gass i det 21. århundret» (OG21). Over budsjettet til Olje- og energidepartementet blir det føreslått å løyve 252,1 millionar kroner til PETROMAKS og Demo 2000.