Historisk arkiv

Stor satsing på fornybar energi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Inntektene til Energifondet er vurdert å auke med om lag 8 millionar kroner til 687 millionar kroner i 2006. Det gir grunnlag for ei ytterligare auke i satsinga på miljøvennleg energi. (14.10.05)

Pressemelding

Nr.: 132/05
Dato: 14.10.2005

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Stor satsing på fornybar energi

Inntektene til Energifondet er vurdert å auke med om lag 8 millionar kroner til 687 millionar kroner i 2006. Det gir grunnlag for ei ytterligare auke i satsinga på miljøvennleg energi. Midla frå Energifondet skal medverke til energisparing og til ny miljøvennleg energi som samla tilsvarar minimum 12 terawattimar (TWh) innan utgangen av 2010.

Enova er det viktigaste verktøyet til regjeringa for å nå måla innan miljøvennleg produksjon og bruk av energi. Arbeidet retter seg mot dei tre hovudområda miljøvennleg varme, vindkraft og energisparing. Frå og med 2002 har Enova hatt det operative ansvaret, og det har medverka til ei stabil og langsiktig satsing. Målet for fireårsperioden fram til og med 2005 har vore ei samla ny miljøvennleg energiproduksjon eller sparing på 5,5 TWh/år. Målet for 2010 er 12 TWh.

-Eg er opptatt av å sikre stabile og langsiktige forhold for dei aktørane som vil satse på miljøvennleg energi, og satsinga organisert gjennom Enova har medverka til dette. Enovas resultat så langt viser at ein ligg godt an for å nå dei ambisiøse måla, seier olje- og energiminister Thorhild Widvey.