Olje- og gassverksemda 2003
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 03.10.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 101/02
Dato: 3.10.2002
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09 / 90 19 73 82
Olje- og gassverksemda 2003
Den gjennomsnittlege råoljeproduksjonen på norsk kontinentalsokkel er venta å gå litt ned, frå 3,1 millionar fat i 2002 til 3,0 millionar fat i 2003. Eksporten av gass frå norsk sokkel er forventa å auke, frå 68 milliardar Sm3 inneverande år til 71 milliardar Sm3 i 2003.
I nasjonalbudsjettet for 2003 er investeringane forventa å bli 67,9 milliardar i 2003, mot 59,3 milliardar i inneverande år. Investeringar knytt til leiteverksemda er inkludert i overslaget.
Det er i nasjonalbudsjettet for 2003 lagt til grunn at staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert om lag 172,8 milliardar kroner neste år og 169,6 milliardar kroner inneverande år. Overslaga for kontantstraumen i 2002 er inklusive inntekter frå sal av om lag 6,5 % av SDØE-portefølja.
Av staten sin netto kontantstraum neste år er om lag 106,6 milliardar skattar og avgifter, mens 61,5 milliardar er netto utbetaling frå SDØE. I tillegg kjem betalt utbytte frå Statoil, utbetalingar i samband med fjerningstilskotsloven og administrasjonskostnader
til drift av Petoro. Utgifter til drift av Petoro AS er for 2003 budsjettert til 230 millionar kroner.
Kontantstraumen i 2003 er basert på ein oljepris på 180 kroner per fat, mot venta kontantstraum for i år som er basert på 200 kroner per fat.
Verdien av samla eksport frå petroleumsverksemda (inkludert røyrtransport) er venta å bli redusert med 28,7 milliardar kroner frå i år til 256,2 milliardar neste år.