Historisk arkiv

Auka satsing på hydrologiske nettstasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 104/02
Dato: 3.10.2002

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09 / 90 19 73 82

Auka satsing på hydrologiske nettstasjonar

Olje- og energidepartementet vil i samband med budsjettframlegget prioritere ei satsing på å oppgradere nettet for hydrologiske målestasjonar som er spreidd rundt omkring i Noreg.

Olje- og energidepartementet tilrår ei løyving på 6 millionar kroner for 2003 til arbeidet med å installere nye og betre hydrologiske målestasjonar.

Løyvinga har samband med at ein treng å ruste opp og modernisere eksisterande stasjonsnett. Auken har òg samband med dei krava som blir stilt når EU sitt vassdirektiv skal tre i kraft. Samstundes er det viktig å fange opp mogleg verknad frå klimaendringane på det norske vasskraftsystemet for å sikra ei god ressursutnytting. Nye metodar for måling og innsamling har òg skapt nye utfordringar for NVE.

Noregs vassdrags- og energidirektorat er den sentrale faglege eininga innanfor norsk vassdragsforvaltning, og det er difor viktig å sikre ei forsvarleg innsamling og tolking av hydrologiske data.

-Gode hydrologiske data er viktig for ei best mogleg forvaltning og ressursutnytting av vassdraga våre. Eg er glad for at vi fann rom for ei auke i budsjettet til dette viktige arbeidet, seier olje- og energiminister Einar Steensnæs.