Historisk arkiv

Styrking av Innovasjon Norge i utlandet skal bidra til å opna internasjonale marknader for norske bedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 58/05
Dato: 14. oktober 2005
Kontaktperson: Informasjonssjef Øistein Øisjøfoss, tel. 22 24 01 25

Nærings- og handelsminister Børge Brende:

Styrking av Innovasjon Norge i utlandet skal bidra til å opna internasjonale marknader for norske bedrifter

For å bidra til auka norsk samhandel med andre land går regjeringa inn for å styrkja arbeidet med internasjonalisering i Innovasjon Norge med 25 millionar kroner i 2006.

– Globaliseringa gjev norsk næringsliv nye moglegheiter og tilgang til nye marknader, men fører også til hardare konkurranse. Dersom me skal få eit vekstkraftig næringsliv i Noreg, må bedriftene kunna konkurrera og hevda seg i internasjonale marknader, seier nærings- og handelsminister Børge Brende.

Innovasjon Norge har eit nettverk av kontor i utlandet, og regjeringa vil at selskapet i større grad skal kunna vera til stades i viktige vekstmarknader. Desse kontora har ein betydeleg kompetanse og lokale nettverk, og regjeringa meiner at ei styrking av dette apparatet vil ha mykje å seia for næringsutviklinga i Noreg.

– Mindre bedrifter med eksportpotensial er avhengige av drahjelp, og her spelar utekontora til Innovasjon Norge ei svært viktig rolle, seier Brende.

Kontora bidrar med råd og vink til norske bedrifter med eksportpotensial. Arbeidet er også retta inn mot tiltak som kan etablera nettverk mellom bedrifter i Noreg og utlandet og mellom miljø som driv med forsking og utvikling.

Ei anna viktig oppgåve for kontora utanlands er å fremja Noreg som reisemål, og auken i løyvinga vil gje sterkare trykk i dette arbeidet.

Sjå også St.prp. nr. 1 (2005-2006) frå Nærings- og handelsdepartementet, kapittel 2421, post 70.