SIVA blir styrkt i rolla som landsomfattande innovasjonsaktør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 60/05
Dato: 14. oktober 2005
Kontaktperson: Informasjonssjef Øistein Øisjøfoss, tel. 22 24
01 25
Nærings- og handelsminister Børge Brende:
SIVA blir styrkt i rolla som landsomfattande innovasjonsaktør
Regjeringa foreslår at Selskapet for industrivekst SF (SIVA) i 2006 blir tilført 40 millionar kroner til innovasjonsaktivitetar. Spesielt prioriterte område er nettverksarbeid og inkubatorverksemd i sentrale område, utvikling av næringsklynger og næringssamarbeid med Nordvest-Russland.
– Regjeringa ønskjer å stimulera til fleire vellukka bedriftsetableringar. Inkubatorar knytte til sentrale universitets- og forskingsmiljø aukar moglegheitane for å kommersialisera forskingsresultat og gode forretningsidear, seier nærings- og handelsminister Børge Brende.
SIVA er ein pådrivar for oppbygging av sterke verdiskapingsmiljø over heile landet. SIVAs inkubatorprogram tilbyr eit dynamisk utviklingsmiljø for nye bedrifter i form av kontorlokale, rådgjeving og nettverk. Nettverksarbeid og investeringar i eigedom og innovasjonsselskap står sentralt i verksemda.
Nettverksaktivitetane til SIVA skal styrkjast og vidareutviklast. Arbeid i nettverk legg til rette for auka kontakt og samarbeid mellom næringsliv, FoU-miljø og styresmakter, og koplar sterke regionale verdiskapingsmiljø mot internasjonale nettverk.
– Me må identifisera forretningsområde der norske miljø har potensial for å bli blant dei beste i verda, og satsa målretta på ei vidareutvikling av desse, seier Børge Brende.
SIVA, Innovasjon Norge og Noregs forskingsråd skal bidra til dette gjennom det nye programmet Norwegian Centers of Expertise. Programmet skal stimulera innovasjonsprosessane i utvalde næringsklynger som kan bli flaggskip i den nasjonale innovasjonspolitikken.
SIVA har også ei viss internasjonal verksemd, der målet er å styrkja norsk næringslivs konkurranseevne i utlandet. Barentsregionen er eit område med store moglegheiter innanfor blant anna olje- og gass-sektoren og marine næringar. Regjeringa ønskjer å støtta opp under utviklinga av norsk-russisk næringslivssamarbeid, og vil bidra til at norske bedrifter lettare kan posisjonera seg for engasjement i regionen. Det er difor sett av midlar til vidareutvikling av aktivitetane til SIVA i Nordvest-Russland.
Regjeringa foreslår også at SIVA blir tilført 50 millionar kroner til eigenkapital i 2006, gjennom å konvertera statskasselån til innskotskapital. St.meld. nr.46 (2003-2004) gjekk inn for ein total tilførsel på 150 millionar kroner over nokre år. I forslag til budsjett for 2006 vil SIVA ha fått tilført 100 millionar kroner av dette.
Sjå også St.prp. nr. 1 frå Nærings- og handelsdepartementet, kap. 2426.