Meir enn dobling av innsatsen på maritim utvikling og innovasjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 57/05
Dato: 14. oktober 2005
Kontaktperson: Informasjonssjef Øistein Øisjøfoss, tel. 22 24
01 25
Nærings- og handelsminister Børge Brende:
Meir enn dobling av innsatsen på maritim utvikling og innovasjon
Regjeringa legg opp til ei kraftig satsing på maritim utvikling i statsbudsjettet for 2006, og foreslår å auka løyvinga til forsking og innovasjon i dei maritime næringane frå 40 til 90 millionar kroner. Dette er ein auke på 125%, og er ei oppfølging av MARUT-initiativet i regjeringas heilskaplege innovasjonsplan.
– Gjennom MARUT (Maritim Utvikling) skal me bidra til auka verdiskaping i maritim sektor. Det skjer ved å styrkja samarbeidet mellom styresmakter, næringsliv og forskingsmiljø, seier nærings- og handelsminister Børge Brende.
Samla sett vil forslaget til neste års statsbudsjett gje 90 millioner kroner til utvikling av dei maritime næringane:
- Noregs forskingsråds program for brukarstyrt forsking på det maritime området (MAROFF) får totalt 70 millionar kroner til rådvelde i arbeidet med å styrka maritim sektor. Dette er ein auke på 30 millionar kroner frå i fjor, noko som opnar for ein betydeleg vekst i forskingsinnsatsen på dette området.
- Regjeringa vil løyva 20 millionar kroner til maritime innovasjons- og nyskapingsaktivitetar i Innovasjon Norge. Regjeringa vil på denne måten setja Innovasjon Norge i stand til å styrka si rolle i den maritime satsinga.
– Noreg er ein av dei leiande nasjonane på verdsbasis på det maritime området. Dei maritime næringane sysselset om lag 75 000 menneske, og det er berre petroleumssektoren som skaffar landet større eksportinntekter. For at me også i framtida skal vera ein sentral maritim nasjon, er det viktig at me heile tida satsar på dette området, seier Brende.
MARUT blei starta i 2004 som eit samarbeidsprosjekt mellom ei rekkje aktørar som er knytte til dei maritime næringane. Målet er å identifisera ulike satsingsområde for norsk maritim industri, og næringane har allereie teke initiativ til konkrete prosjekt på sju ulike område: Kystgass, Kaldklimaspesialisten, Maritim IKT-leverandøren, Sjømatleverandøren, Eurofeeder’n, Brobygger’n og SMART Shipping.
– I dag går det godt i store delar av maritim sektor, men dette må ikkje bli ei sovepute. Det sentrale er at aktørane klarer å samarbeida for å sikra konkurranseevna også på lang sikt. Eit av dei viktigaste bidraga regjeringa kan koma med, er å leggja forholda til rette for meir forsking og innovasjon, seier Brende.
Sjå også St.prp. nr. 1 frå Nærings- og handelsdepartementet, kap. 920 og kap. 2421.