Historisk arkiv

Meir enn 70% auke til reiseliv skal få fleire turistar til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 56/05
Dato: 14. oktober 2005
Kontaktperson: Informasjonssjef Øistein Øisjøfoss, tel. 22 24 01 25

Nærings- og handelsminister Børge Brende:

Meir enn 70% auke til reiseliv skal få fleire turistar til Noreg

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2006 ein auke frå 100 til 172,5 millionar kroner til reiseliv. Løyvingane skal fremja Noreg som reisemål og utvikla reiselivsnæringane i landet. Aldri før har styresmaktene satsa så sterkt på norsk reiseliv.

– Det har vore ei positiv utvikling i talet på turistar til Noreg i 2004 og så langt i 2005, og ein auke i talet på overnattingsdøgn på norske overnattingsstader. Denne utviklinga ønskjer me å forsterka. Målet er å få 1 million fleire utanlandske reisande til Noreg innan 2010, seier nærings- og handelsminister Børge Brende.

Dei neste 15 åra er det venta ei dobling i talet på reisande på verdsbasis. Samtidig aukar konkurransen om å trekkja til seg turistane. For at Noreg skal nå opp i konkurransen må me vera synlege på verdsmarknaden, i tillegg til at me må kunna tilby gode produkt og god service.

Den kraftige auken i løyvingane til profilering av Noreg som reisemål og til fremje av norske reiselivsnæringar er ei oppfølging av Handlingsplan for reiselivsnæringene, som blei lansert i sommar.

– I samsvar med målet om å få fleire reisande til Noreg har me definert fleire tiltak. Profilering, innovasjon, kompetanse og samarbeid er viktige stikkord. Ein auke i løyvingane på 70% er eit ledd i den planlagde opptrappinga for ei langsiktig oppfølging av handlingsplanen.

I løpet av 2005 blei det gitt ekstra løyvingar til fremje av norske reiselivsnæringar, totalt 22,5 millionar kroner. For 2006 vil i tillegg uteapparatet til Innovasjon Norge bli styrkt med 25 millionar kroner, og noko av dette vil også bli brukt til arbeidet for å fremja Noreg som turistmål i utlandet.

Forslaget til statsbudsjett vil bidra til å styrkja konkurransekrafta og lønsemda i reiselivsnæringane. Samtidig er det avgjerande at aktørane i næringane sjølv følgjer opp og utviklar sine tilbod i samsvar med etterspørselen. Dette er viktig for at næringane skal vera levedyktige på sikt.

– Den beste reklamen Noreg kan få, er turistar som skryt til vener og kjende av det dei har opplevd i Noreg, seier Brende.

Sjå også St.prp. nr. 1 (2005-2006) 1 frå Nærings- og handelsdepartementet, kap. 2421, post 71.