Historisk arkiv

Krafttak for forenkling — over 58 millionar kroner til forenklingstiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 62/05
Dato: 14. oktober 2005
Kontaktperson: Informasjonssjef Øistein Øisjøfoss, tel. 22 24 01 25

Nærings- og handelsminister Børge Brende:

Krafttak for forenkling – over 58 millionar kroner til forenklingstiltak

Regjeringa styrkjer satsinga på forenkling, og foreslår ei løyving til ulike forenklingstiltak på 58,1 millionar kroner i statsbudsjettet for 2006. Regjeringa har sett som mål å redusera næringslivets administrative kostnader ved å etterleva offentleg regelverk med 25% innan 2012.

- Regjeringas mål er at bedriftene skal bruka mindre tid på rapportering til det offentlege og meir tid på å skapa verdiar. Pengane som no blir foreslått løyvd til forenklingstiltak er difor eit stort steg på vegen for å nå målet om ein reduksjon på 25%, seier nærings- og handelsminister Børge Brende.

Det er foreslått ei slik disponering av pengane:

  • 20 millionar kroner skal brukast til å kartleggja dei administrative kostnadene bedriftene har ved å følgja regelverket. Ei kartlegging vil gje detaljert informasjon om kva slags arbeid regelverket fører til i bedriftene, og kor mykje dette kostar. Dette vil gje grunnlag for å gjennomføra faktiske forenklingar. Bedriftene skal ikkje bruka meir ressursar enn høgst nødvendig på utfylling av skjema og innrapportering.
  • 33,1 millionar kroner til Altinn. Altinn er næringslivets elektroniske inngangsportal til det offentlege. Fleire tenester skal bli tilgjengelege, og i løpet av 2006 skal bedriftene få tilgang til i overkant av 300 skjema gjennom Altinn. Det er om lag halvparten av alle skjema bedriftene er pålagde å fylla ut.
  • 5 millionar kroner til å utvikla ein internettbasert (virtuell) brukarfront for det offentlege verkemiddelapparatet. Tenesta skal sjåast i samanheng med Altinn, og vil på ein enkel måte gje brukarane nødvendig informasjon om blant anna Innovasjon Norge, Norges forskningsråd, Norsk Designråd, Patentstyret og SIVA. Her vil det også finnast informasjon om oppstart av bedrifter, eksport av varer, såkornfond osv.

– For å nå målet om forenkling for bedriftene må me fokusera på utvikling av gode og brukarvenlege elektroniske tenester frå det offentlege. Eit anna sentralt punkt er dessutan å gjennomføra treffsikre forenklingstiltak, basert på måling av dei kostnadene bedriftene har ved å følgja offentleg regelverk, seier Børge Brende.

Sjå også St.prp. nr. 1 frå Nærings- og handelsdepartementet, kap. 900, post 23 og kap. 912, post 70.