Kongehuset
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 47-8/2004
Dato: 06.10.04
Kontaktpersoner: Informasjonssjef Lisa Bang, tlf. 22 24 49 58
eller kommunikasjonsrådgiver Gunn Janne Myrseth, tlf. 22 24 48
57
Kongehuset
Regjeringa gjer framlegg om 103,6 millionar kroner til det Kongelege Hoff og løpande vedlikehald ved dei statseigde kongelege eigedommane Slottet, Bygdø Kongsgård og Oscarshall. Det blir foreslått 7,4 millionar kroner til apanasje for H.M. Kongen og H.M. Dronninga.
For H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa er det foreslått ei løyving på 15,3 millionar kroner, av dette utgjer apanasjen 5 millionar kroner.
Det er sett av 43,4 millionar kroner i 2005 til ekstraordinært vedlikehald på Bygdø Kongsgård. Prosjektet har ei totalramme på 200,7 mill kroner og omfattar restaurering, fornying og reparasjon av kongsgarden. Prosjektet skal etter planen sluttførast ved årsskiftet 2006/2007.