Historisk arkiv

Auka tilgjenge og utvida universell utforming

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa Bondevik foreslår 202 millionar kroner til handlingsplanen for auka tilgjenge i statsbudsjettet for 2006. Målet er at dei med nedsett funksjonsevne skal få like gode høve til personleg utvikling og til å utfalde seg som andre.

Pressemelding

Dato: 14.10.05

Miljøvernminister Knut Arild Hareide:

Auka tilgjenge og utvida universell utforming

Regjeringa Bondevik foreslår 202 millionar kroner til handlingsplanen for auka tilgjenge i statsbudsjettet for 2006. Målet er at dei med nedsett funksjonsevne skal få like gode høve til personleg utvikling og til å utfalde seg som andre.

Universell utformingSamfunnet skal ha plass for alle. Regjeringa si handlingsplan for personar med nedsett funksjonsevne er ein viktig plan for å nå målet. Regjeringa ønskjer å styrke dette arbeidet, seier miljøvernminister Knut Arild Hareide.

Regjeringa si handlingsplan har verka i snart eit år og inneheld no meir enn 100 tiltak. I forslaget til statsbudsjett 2006 er til saman 202 millionar kroner øyremerka til planen på dei ulike departementa sine budsjett. På Miljøverndepartementet sitt budsjettområde foreslår regjeringa å auke dei tverrsektorielle stimuleringsmidlane til 20 millionar kroner.

15 departement samordnar sin innsats for å nedbyggja funksjonshemmande barrierar. Handlingsplanen legg vekt på universell utforming som strategi. Det vil seie å forme produkt, byggverk og uteområde slik at flest mogeleg får tilgang utan særskilt tilpassing eller hjelpemiddel. Handlingsplanen har ført til auka innsats på IKT, samferdsel, bygg og uteområde.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Jarle Jensen, telefon 22 24 59 25 mobil 975 050 56