Historisk arkiv

Vil ha ny vekst i innlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa vil følgje opp arbeidet med Innlandet 2010 med 20 mill. kroner i 2006. (14.10.2005)

Logo budsjett 2004

Alt om Landbruks- og matdepartementets budsjettforlag for 2006

Pressemelding

Nr.: 15
Dato: 14.10.2005

Kontaktperson:

Info.sjef. Ottar Løvik tlf. 22249105 mob. 48140477

Eksp.sjef. Randi Kogstad tlf. 22249140 mob. 97512376

Dep.råd. Per Harald Grue tlf. 22249108 mob. 97033526

Avd.dir. Siri Bergerøy tlf. 22249124 mob. 41542283

Landbruks- og matdepartementets budsjettforslag for 2006:

Vil ha ny vekst i innlandet

Regjeringa vil følgje opp arbeidet med Innlandet 2010 med 20 mill. kroner i 2006.

- Det arbeidet som er gjort i innlandsfylka Hedmark og Oppland gjennom prosjektet Innlandet 2010 kan vere eit førebilete også for andre delar av landet. Det er eit godt døme på regional utvikling, og tiltak som skaper auka vekst gjennom ein god dialog mellom regionale og sentrale styresmakter, seier landbruks- og matminister Lars Sponheim.

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for Innlandet 2010 som er eitt av ni prosjekt i Regjeringa si sektoroverbyggjande satsing på innovasjon. Innlandet 2010 femner om fylka Hedmark og Oppland, og har som mål å auke nyskapinga og bedriftsetableringa i dei delane av landet som i mindre grad har teke del i den auka verdiskapinga langs kysten.

Eit utviklingsråd med eit fleirtal av representantar frå næringslivet i innlandet greidde våren 2005 ut potensialet for nyskaping i innlandet. Utviklingsrådet tilrår ei målretta satsing innanfor handlingsområda industri, bioteknologi, bioenergi, reiseliv, kultur og oppleving og informasjonstryggleik. Utgreiinga viser òg til landbruket si viktige rolle som produsent av råvarer og kulturlandskap. Det regionale næringslivet, kompetansemiljøa og den offentlege forvaltninga i innlandet arbeider med å løyse dei fleste utfordringane i utgreiinga.

Løyvinga på 20 mill. kroner skal nyttast innan skog- og næringsmiddelindustri, bioteknologi, bioenergi og reiseliv. Tidlegare er det løyvd 10 mill. kroner til ulike prosjekt, og 10 mill. kroner til eit fem-årig seterprosjekt i samarbeid med Møre og Romsdal.