Historisk arkiv

Slår saman kunnskapsinstitusjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa har sett i gang fleire tiltak for å styrke forskinga på landbruks- og matområdet, og vil slå saman fleire kunnskapsinstitusjonane. (14.10.2005)

Logo budsjett 2004

Alt om Landbruks- og matdepartementets budsjettforlag for 2006

Pressemelding

Nr.: 14
Dato: 14.10.2005

Kontaktperson:

Info.sjef. Ottar Løvik tlf. 22249105 mob. 48140477

Eksp.sjef. Randi Kogstad tlf. 22249140 mob. 97512376

Dep.råd. Per Harald Grue tlf. 22249108 mob. 97033526

Avd.dir. Siri Bergerøy tlf. 22249124 mob. 41542283

Landbruks- og matdepartementets budsjettforslag for 2006:

Slår saman kunnskapsinstitusjonar

Regjeringa har sett i gang fleire tiltak for å styrke forskinga på landbruks- og matområdet, og vil slå saman fleire kunnskapsinstitusjonanar.

Regjeringa vil etablere Bioforsk som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter frå 1. januar 2006. Utgangspunktet er at Jordforsk, NORSØK og Planteforsk skal inngå i den nye verksemda. Det vil seinare bli lagt fram for Stortinget særskilt sak som vil omtale den nye institusjonen, konkret forslag om etablering, og økonomiske konsekvensar, medrekna behovet for omstillingsmidlar.

Bioforsk skal ta utgangspunkt i den FoU-verksemda som dei tre institutta har hatt innafor planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfagleg miljøforsking. Bioforsk vil ha eit nært samarbeid med UMB. Samordninga vil gje faglege synergieffektar, og den nye institusjonen skal framstå som ein viktig kunnskapsleverandør innafor miljø og landbruk.

Regjeringa meiner at Norsk institutt for skogforsking ( Skogforsk) og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging ( NIJOS) bør bli slått saman til ein ny kunnskapsorganisasjon for arealresursar innan områda skog, jord, landskap og utmark. Begge desse institutta er sterke nasjonale kompetansemiljø som arbeider med natur- og kulturlandskapet, men frå ulik inngangsvinkel, høvesvis kart og geodata og skogforsking. Dei utfyller kvarandre såleis både når det gjeld kompetanse og arbeidsoppgåver. Institutta har stort samanfall i eksterne faglege samarbeidsrelasjonar og har fleire felles brukarar. Den samla kompetansen ved dei to institusjonane, både naturfagleg og teknologisk, representerer eit sterkt fundament for utvikling av ein ny og robust kunnskapsinstitusjon. Det vil bli tilsett direktør frå 1. januar 2006, og det blir oppretta eit styre. Endelig samanslåing vil finne stad frå 1. juli 2006.

I samband med arbeidet med å omstrukturere forskingsinstitutta innan den blågrønne sektoren er det vedtatt å etablere eit holdingselskap frå 1. januar 2007 for den næringsretta FoU-verksemda med hovudkontor i Tromsø og med dotterselskap i Bergen, Ås og Tromsø. Selskapa blir danna ut frå Akvaforsk AS, Fiskeriforskning AS, Matforsk AS og Norconserv AS, og relevant næringsretta FoU-aktivitet ved Havforskingsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet.

Målsettinga med desse omorganiseringane er at forskingsmiljøa skal kunne møte dei ulike brukarane sine behov på ein betre måte, og sikre ein god forskingskvalitet på kort og lang sikt.