Historisk arkiv

Senker matavgiftene - prioriterer forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementets budsjettforslag for 2006: Satsene på matproduksjonsavgiftene senkes med seks prosentBevilgningene til forskning og utvikling økes med syv prosentFlere kunnskapsinstitusjoner slås sammen. Bioforsk etableres fra 1. januar 2006Regjeringen setter av 20 millioner kroner til oppfølging av Innlandet 201015 millioner kroner mer til ras-sikringDette er hovedpunktene i Landbruks- og matdepartementets budsjettforslag for 2006 som totalt sett utgjør 13, 65 milliarder kroner.- Dette er et budsjett med klare prioriteringer, spesielt innenfor forskning og utvikling. Regjeringen øker bevilgningene til forskning innen landbruks- og matområdet med syv prosent og vil slå sammen flere kunnskapsinstitusjoner. Målsetningen med omorganiseringen er at forskningsmiljøene skal kunne møte brukernes behov, både nå og fremover, på en bedre måte. Det er gledelig at effektiviseringsgevinsten ved etableringa av det nye Mattilsynet nå kommer brukerne til gode i form av lavere matproduksjonsavgifter. Ikke minst gjelder dette for de minste virksomhetene, sier landbruks- og matminister Lars Sponheim. (14.10.2005)

Logo budsjett 2004

Alt om Landbruks- og matdepartementets budsjettforlag for 2006

Pressemelding

Nr.: 11
Dato: 14.10.2005

Kontaktperson:

Info.sjef. Ottar Løvik tlf. 22249105 mob. 48140477

Eksp.sjef. Randi Kogstad tlf. 22249140 mob. 97512376

Dep.råd. Per Harald Grue tlf. 22249108 mob. 97033526

Avd.dir. Siri Bergerøy tlf. 22249124 mob. 41542283

Landbruks- og matdepartementets budsjettforslag for 2006:

Senker matavgiftene - prioriterer forsking

  • Satsane for matproduksjonsavgifter blir redusert med seks prosent.
  • Løyvingane til forsking og utvikling aukar med sju prosent.
  • Det blir løyvd 20 mill. kroner til oppfølgjing av Innlandet 2010
  • Omorganiseringar for å modernisere kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet.

Dette er hovudpunkt i Landbruks- og matdepartementet sitt budsjettforslag for 2006. Budsjettet er i sum på 13,653 milliarder kroner.

- Dette er eit budsjett med klare prioriteringar. Vi aukar løyvingane til forsking og utvikling innan landbruks- og matsektoren sju prosent og vil slår saman fleire kunnskapsinstitusjonar. Det er og gledeleg at effektiviseringsvinsten ved etableringa av det nye Mattilsynet no kjem brukarane til gode i form av lågare avgifter. Ikkje minst gjeld det dei minste verksemdene, seier landbruks- og matminister Lars Sponheim.

Reduserte matavgifter
Det blir gjort framlegg om å redusere satsane for avgifter for Mattilsynet med seks prosent. Dei samla inntektene til Mattilsynet vil bli redusert med om lag 50 mill. kroner. Det blir m.a. innført ei øvre grense for kjøttkontrollgebyret, slik at dette ikkje kan vere meir enn 100 øre pr. kg kjøtt. Dette vil slå sterkast ut for mindre verksemder. For ein del av desse vil avgiftene bli bortimot halvert.

Forsking og utvikling
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på dette feltet med 22 mill. kroner til 326 mill. kroner. I 2006 vil det bli starta opp tre nye store forskingsprogram: Norsk mat frå sjø og land, Næringsutvikling basert på arealressursane og Treprodukter - frå marknad til skogbruk. Det er sett av fem mill. kroner til program for kommersialisering av FoU-resultat (FORNY). Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til internasjonalt forskingssamarbeid med Nord-Amerika med fire mill. kroner.

Innlandet 2010
Regjeringa vil følgje opp arbeidet med Innlandet 2010 med 20 mill. kroner i 2006, og ser arbeidet som eit godt døme på regional utvikling, og eit tiltak som skaper auka vekst gjennom ein god dialog mellom regionale og sentrale styresmakter. Innlandet 2010 er eitt av ni prosjekt i Regjeringa si sektoroverbyggjande satsing på innovasjon, og femner om fylka Hedmark og Oppland.

Slår saman kunnskapsinstitusjonar
Regjeringa har sett i gang fleire tiltak for å modernisere kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet.

Regjeringa vil etablere Bioforsk som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter frå 1. januar 2006. Utgangspunktet er at Jordforsk, NORSØK og Planteforsk skal inngå i den nye verksemda.

Regjeringa meiner at Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk) og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) bør bli slått saman til ein ny kunnskapsorganisasjon for arealresursar innan områda skog, jord, landskap og utmark.

Det blir arbeidd med å omstrukturere forskingsinstitutta innanfor den blå-grønne sektoren.

NOFIMA AS (Norsk Fiskeri- og Matforskning AS) vart etablert i 2005 for å førebu etableringa av eit holdingsselskap for den næringsretta FoU-verksemda med tre dotterselskap frå 1. januar 2007.

Andre punkt

  • Naturskade: Det er gjort framlegg om å auke løyvinga til sikringstiltak med 15 mill. kroner til 23 mill. kroner, m.a. for å gjennomføre overvakings- og sikringstiltak i Åkneset i Stranda kommune. Landbruks- og matdepartementet leiar ei interdepartemental arbeidsgruppe som skal skaffe fram grunnlagsmateriale for å kunne ta stilling til omfanget av behovet for statleg engasjement når det gjeld store fjellskred.
  • Reindrift: Å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget har høgste prioritet også i 2006. Marknadstilhøva for reinkjøtt har betra seg mykje. Arbeid med ny reindriftslov er prioritert.
  • Norsk utmark SF: Statskog SF skifter namn til Norsk utmark SF. Dette er den største grunneigaren i Noreg, og namneendringa skal signalisere at areala kan nyttast av borgarane til jakt og fiske og anna friluftsliv.
  • Jordskifte: I samband med at administrasjonen av jordskifterettane frå 1. januar 2006 blir overført frå Landbruks- og matdepartementet til Justisdepartementet blir Domstolsadministrasjonen i Trondheim tilført 11 årsverk.
  • Jordskiftesenter på Agatunet: Regjeringa foreslår å løyve ein mill. kroner til etablering av eit jordskiftesenter på garden Aga i Hardanger.
  • Genressurssenter: Regjeringa foreslår å etablere Norsk genressurssenter på Ås.
  • Frølager: Det blir foreslått å etablere eit globalt sikringslager for frø på Svalbard.

Utgifter fordelte på kapittel:

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

Landbruks- og matforvaltning m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 4100)

133 590

122 094

114 240

-6,4

Sum kategori 15.00

133 590

122 094

114 240

-6,4

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

117 352

121 345

131 123

8,1

1115

Mattilsynet (jf. kap. 4115)

1 281 352

1 162 567

1 048 032

-9,9

Sum kategori 15.10

1 398 704

1 283 912

1 179 155

-8,2

Forsking og utvikling

1137

Forsking og utvikling

305 176

304 377

326 147

7,2

Sum kategori 15.20

305 176

304 377

326 147

7,2

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

13 529

17 100

19 647

14,9

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

26 383

30 796

32 531

5,6

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

32 831

33 949

36 802

8,4

1143

Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143)

325 022

318 681

200 613

-37,0

1144

Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket

9 819

7 313

7 547

3,2

1145

Jordskifterettane (jf. kap. 4145)

154 924

150 991

-100,0

1146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146)

79 972

82 454

80 518

-2,3

1147

Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147)

45 146

52 497

51 604

-1,7

1148

Naturskade - erstatningar og sikring

83 979

68 089

83 348

22,4

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

327 215

336 170

357 259

6,3

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150)

11 421 874

10 767 749

11 045 899

2,6

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

99 132

95 000

92 500

-2,6

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift

23 891

24 083

24 854

3,2

Sum kategori 15.30

12 643 717

11 984 872

12 033 122

0,4

Sum programområde 15

14 481 187

13 695 255

13 652 664

-0,3

Sum utgifter

14 481 187

13 695 255

13 652 664

-0,3