Historisk arkiv

Senker avgiftene på matområdet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det blir gjort framlegg om å redusere satsane for gebyr og avgifter for Mattilsynet med seks prosent. Små verksemder vil få størst reduksjon i avgiftene. (14.10.2005)

Logo budsjett 2004

Alt om Landbruks- og matdepartementets budsjettforlag for 2006

Pressemelding

Nr.: 12
Dato: 14.10.2005

Kontaktperson:

Info.sjef. Ottar Løvik tlf. 22249105 mob. 48140477

Eksp.sjef. Randi Kogstad tlf. 22249140 mob. 97512376

Dep.råd. Per Harald Grue tlf. 22249108 mob. 97033526

Avd.dir. Siri Bergerøy tlf. 22249124 mob. 41542283

Landbruks- og matdepartementets budsjettforslag for 2006:

Senker avgiftene på matområdet

Det blir gjort framlegg om å redusere satsane for avgifter for Mattilsynet med seks prosent. Små verksemder vil få størst reduksjon i avgiftene.

- Regjeringa ønskjer at den kostnadsreduksjonen som følgjer av etablering av det nye Mattilsynet skal kome brukarane til gode i form av reduserte avgifter og gebyr, seier landbruks- og matminister Lars Sponheim, som legg særskilt vekt på at avgiftene skal bli mindre for dei små verksemdene. - Enkelte av desse vil få bortimot halvert avgiftsnivået. Dermed legg vi til rette for nyskaping og mangfold i matfatet, seier Sponheim.

Gebyr
Senkinga av satsane og einskilde andre endringar vil redusere dei samla inntektene frå gebyr og avgifter til Mattilsynet med om lag 50 mill. kroner. I tillegg til den generelle reduksjonen av matproduksjonsavgiftene på seks prosent, blir det gjort einskilde gebyrreduksjonar som vil slå særleg gunstig ut for små verksemder. Det blir m.a. sett eit maksimalnivå på kjøttkontrollgebyret, slik at dette ikkje kan utgjere meir enn 100 øre pr. kg kjøtt. Gjennomsnittskostnaden for kjøttkontrollgebyr var på heile 177 øre pr. kg kjøtt i dei små verksemdene i 2004. Departementa vil og gjere einskilde endringar i ordninga med gebyr for særskilte ytingar for at ordninga skal bli meir tenleg i forhold til næringsutvikling.

Ved etableringa av Mattilsynet 1. januar 2004 blei fire statlege og meir enn 80 kommunale og interkommunale tilsyn samla i ein ny statleg etat. Med denne reforma blei det etablert eit samla tilsyn med ansvar langs heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord.

Eit viktig mål ved reforma var å få ei meir effektiv forvaltning. Regjeringa arbeider derfor ut frå eit mål om at matforvaltningsreforma skal gi effektiviseringsgevinstar i Mattilsynet på 10 prosent. Det blir lagt opp til at dette målet skal vere nådd i 2008. Med budsjettet for 2006 er det gjort særskilte effektiviseringskutt på om lag sju prosent. sidan Mattilsynet blei etablert.

Regjeringa vil auke innsatsen med 15 mill. kroner innan tilsyn med sjømatsektoren og særleg prioriterte område knytt til trygg mat og forbrukarvern.