Historisk arkiv

Prioriterer forsking og utvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 326,1 mill. kroner til forskingsaktivitet innan landbruks- og matforskinga for 2006. Dette gir ein vekst i forskingsbudsjettet på om lag sju pst. i høve til budsjettet for 2005. (14.10.2005)

Logo budsjett 2004

Alt om Landbruks- og matdepartementets budsjettforlag for 2006

Pressemelding

Nr.: 13
Dato: 14.10.2005

Kontaktperson:

Info.sjef. Ottar Løvik tlf. 22249105 mob. 48140477

Eksp.sjef. Randi Kogstad tlf. 22249140 mob. 97512376

Dep.råd. Per Harald Grue tlf. 22249108 mob. 97033526

Avd.dir. Siri Bergerøy tlf. 22249124 mob. 41542283

Landbruks- og matdepartementets budsjettforslag for 2006:

Prioriterer forsking og utvikling

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 326,1 mill. kroner til forskingsaktivitet på landbruks- og matområdet for 2006. Dette gir ein vekst i forskingsbudsjettet på om lag sju pst. i høve til budsjettet for 2005.

I 2006 vil oppstarten av dei tre nye store forskingsprogramma Norsk mat frå sjø og land, Næringsutvikling basert på arealressursane og Treprodukter - frå marknad til skogbruk i stor grad følgje opp sektoren sitt sentrale forskingsbehov. Programma skal dekke heile verdikjeda frå forbrukar til primærproduksjon innan jordbruk, skogbruk og reindrift. Programma er godt tilpassa dei tematiske prioriteringane i den nye forskingsmeldinga.

Departementet vil i 2006 ferdigstille ein ny og overordna strategi som omhandlar sektorens samla FoU-verksemd.

Nord-Amerika
Det blir gjort framlegg om at Landbruks- og matdepartementet går inn i Forskingsrådets og Innovasjon Noreg sitt felles program for kommersialisering av FoU-resultat (FORNY) med fem mill. kroner. Dette skal styrke arbeidet med spreiing og kommersialisering av forsknings- og utviklingskompetanse frå landbruks- og matforskingsmiljøa.

Internasjonalt forskingsarbeid vil bli styrka med ein auke på fire mill. kroner til forskingssamarbeid med Nord-Amerika på områda mattryggleik, bioenergi og biobaserte produkt.

Internasjonalt forskingssamarbeid skjer vidare gjennom utforming og deltaking i EUs rammeprogram og gjennom nordisk samarbeid. Næringsmiddelforsking og skogforsking vil bli vektlagt i det nordiske arbeidet.