Historisk arkiv

Fornying og omstilling i landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruksdepartementet

03.10.2002

(03.10.02)

Pressemelding

Nr.: 35
Dato: 03.10.2002

Kontaktperson:
Landbruksminister Lars Sponheim. Tlf. 22 24 91 00 / 93 06 35 94
Statssekretær Leif Helge Kongshaug. Tlf. 22 24 91 02 / 93 06 36 42
Kst. Ekspedisjonssjef Randi Kogstad. Tlf. 22 24 91 40 / 97 51 23 76
Prosjektleder Rolf Gran. Tlf. 22 24 92 10 / 48 09 97 49

Landbruksdepartementets budsjett

Fornying og omstilling i landbruket

  • Ein skogpolitikk med fondsavsetningar og skattereglar som sentrale verkemiddel framfor offentlege tilskott.
  • Ein jordbrukspolitikk med færre reguleringar og enklare regelverk.
  • Stimulering av næringsutvikling, auka verdiskaping og meir marknadsretta produksjon.
  • Etablering av eitt mattilsyn for all matproduksjon.
  • Sterk vektlegging av miljøomsyn, m.a. gjennom satsing på barskogvern og bioenergi.
  • Omstilling og forenklingar gjennom omorganiseringar, flytting av oppgåver til kommunane, regelforenkling og innføring av elektronisk forvaltning.

Dette er punkt landbruksminister Lars Sponheim trekkjer fram i Landbruksdepartementets budsjett for 2003. – Vi har gått grundig til verks. Det er lenge sidan det har blitt gjort så store omprioriteringar på Landbruksdepartementets budsjett, seier han. – Omlegginga av skogpolitikken og etableringa av det nye mattilsynet er nye måtar å gjere ting på. Saman med dei endringane som er på gang i jordbrukspolitikken gir dette ein landbrukspolitikk som legg til rette for nødvendig fornying og omstilling i landbruksnæringa med fokus på den einskilde bonde og matprodusent som sjølvstendig næringsutøvar, seier Sponheim. - Dette er eit budsjett som gjennom å halde oppe tilliten til norsk mat og å gi rammer for auka lønsemd og betre utnytting av marknaden bør gi grunnlag for optimisme, seier landbruksministeren.

Landbruksdepartementets budsjettforslag har ei samla ramme på 13 771 mill. kr. Dette er ein reduksjon på vel 330 mill. kr i høve til saldert budsjett for 2002.

Reduksjonen er ein følgje av den inngåtte jordbruksavtalen for 2002-2003 med ein reduksjon på 135 mill. kr i høve til avtalen for perioden før. I tillegg blir budsjettet redusert med 200 mill. kr som følgje av at utbetalingar blir framskunda frå 2003 til 2002.

Det er lagt opp til ein auke i løyvingane på prioriterte område svarande til 12 pst av budsjettet utanom næringsavtalane, medan det er gjort framlegg om reduksjonar på andre område tilsvarande 7,5 pst. Det er foreslått auke i løyvingane m.a. til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke og til utvida overvakings- og kontrollprogram for sjukdom på småfe (TSE). Ordningane med tilskott til skogkultur og transport blir avvikla.

Omstillingskostnadene ved etablering av det nye mattilsynet inngår ikkje i dette budsjettframlegget. Ein vil kome attende til dette i ein eigen tilleggsproposisjon. Ein reknar med å løyve om lag 100 mill. kr til dette i 2003.

Hovudpunkt i budsjettforslaget er:

  • Etablering av eit felles mattilsyn for landbasert og sjøbasert matproduksjon. Dette er eit viktig og avgjerande steg for å sikre forbrukarane trygg mat gjennom ein sunn og berekraftig produksjon. Landbruksdepartementet vil seinare i haust leggje fram ein eigen tilleggsproposisjon om etablering av det nye mattilsynet.
  • Auke innsatsen knytt til særskilde område på matområdet med 57 mill. kr. Ein legg opp til å utvide overvakings- og kontrollprogamma for sjukdom på småfe (TSE) med 32 mill. kr medan løyvingane til veterinære vaktordningar blir auka med 20 mill. kr. Løyvingane til forskingsbasert kunnskapsutvikling til mat-tryggleik blir auka med 5 mill. kr.
  • Større vekt på miljø- og ressursomsyn i reindrifta. Reindriftsforvaltningen sitt budsjett blir auka med 6 mill. kr for å følgje opp vedtaket om øvre reintal i Finnmark.
  • Omlegging av skogpolitikken med sikte på at dei økonomiske rammevilkåra for skogsektoren skal bli meir robuste. Ordninga med skogavgift er sentral for å stimulere til investeringar i skogbruket. Det er ikkje ei avgift, men ei tvungen fondsavsetning av skogeigaren sine eigne pengar for reinvestering på den eigedomen pengane kjem frå. Det er knytt skattefordel til bruken av skogavgift. Det blir foreslått å betre denne ved at skattefordelssatsen ved investeringar med skogavgift blir auka frå 35 pst med avtrapping i dag til 60 pst. utan avtrapping. Samstundes blir det ikkje lenger høve til å nytte slike midlar til å investere i nye skogsvegar. Med investeringar i skogkultur på dagens nivå vil dette gi skogeigarane ein samla skattereduksjon på om lag 9 mill. kr. Ordningane med statstilskott til skogkultur og transport blir foreslått avvikla. Desse endringane vil gi skogbruket enklare og meir robuste rammevilkår. Saman med ein kraftig auke i løyvinga til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke med 19 mill. kr til i alt 39 mill. kr, bør dette på sikt kunne føre til auka investeringar og betre lønsemd i næringa. Omlegginga inneber at skogeigarane sjølve må ta eit større ansvar for å bygge opp ny skog. Saman med satsing på barskogvern og bioenergi medverker omlegginga til ei styrking av miljødimensjonen i skogbruket.
  • Styrke forskinga og den forskingsbaserte kunnskapsutviklinga med i alt 12 mill. kr. Av dette går 7 mill. kr til å støtte opp under dei tematiske satsingane i Forskingsmeldinga og innsatsområda i Handlingsplanen for landbruksforsking med særleg vekt på forsking innan trygg mat samt klima og energi. 5 mill. kr er sett av til forskingsbasert kunnskapsutvikling på mattrygghet innan landbruksproduksjon og marin sektor.
  • Løyve 15 mill. kr til ideelle organisasjonar som driv arbeid retta mot landbruk og matproduksjon. Nytt av året er at midlane vil bli fordelt etter ein åpen prosess basert på offentleg kunngjering.