To millionar kroner til rom (sigøynarar)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 264/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjett 2006
To millionar kroner til rom (sigøynarar)
– Regjeringa vil i 2006 setje av 2 millionar kroner til ulike tiltak som kan forbetre skolesituasjonen for rom, seier kommunalminister Erna Solberg. Tiltaka vil bli utvikla og gjennomførte i samarbeid med Oslo kommune og med rom (sigøynarane) sjølve.
Arbeidet er i tråd med det minoritetspolitiske prinsippet om at dei nasjonale minoritetane sjølve skal kunne delta aktivt i utforminga og prioriteringa av tiltak som vedkjem dei.
– Mange av barna som ikkje møter opp på skolen, er rom. For å hindre at framtidige generasjonar av rom skal vekse opp utan skolegang, meiner regjeringa at det hastar med å få på plass ulike tiltak overfor denne gruppa, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.