Historisk arkiv

Tilbakevending og retur av flyktningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 235/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjettet 2006

Tilbakevending og retur av flyktningar

Regjeringa vil vidareføre støtteordninga for tilbakevending for flyktningar, og ønskjer frå 2006 å leggje større vekt på tiltak i landa flyktningane reiser attende til.

Kommunal- og regionaldepartementet har ansvaret for eit program for tilbakevending for flyktningar som vel å reise attende til heimlandet sitt. Programmet inneheld både individuell støtte og prosjektmidlar. Regjeringa vil vidareføre denne ordninga.

I dei siste åra har få flyktningar og personar som har fått opphald på humanitært grunnlag, reist attende med støtte frå tilbakevendingsprogrammet.

– Fleire land som det i dei siste åra har kome mange flyktningar frå, har fått, eller kan få, ei utvikling som tilseier at fleire kan reise attende. Det gjeld til dømes Irak, Afghanistan og Somalia, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. Dette tilseier ei satsing på prosjekt overfor flyktningar frå desse landa.

Regjeringa ønskjer i større grad å kunne gi tilskot til prosjekt i heimlanda, for på den måten å leggje forholda betre til rette for tilbakevending. Det kan vere prosjekt som gir eit tilbod til flyktningane i den første tida i heimlandet, og det kan vere prosjekt som hjelper dei med å kome i gang med inntektsgivande arbeid.

– Behov for hjelp til å reetablere seg i heimlandet gjeld også personar som dreg heim etter å ha fått avslag på søknad om asyl i Noreg. Regjeringa opnar derfor for at desse òg skal kunne nyte godt av slike prosjekt, og at det for visse grupper i avgrensa tidsrom kan utbetalast individuell støtte til retur, seier Solberg.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.