Historisk arkiv

Store reformer i integreringsarbeidet under Samarbeidsregjeringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 236/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjettet 2006

Store reformer i integreringsarbeidet under Samarbeidsregjeringa

Regjeringa har i dei fire siste åra teke store grep for at innvandrarar skal bli betre integrerte i arbeids- og samfunnslivet i Noreg. Det er innført obligatorisk opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og det er sett i verk eit program for individuelt tilrettelagd kvalifisering. Det rettslege vernet mot diskriminering på grunn av etnisk opphav og religion er også styrkt.

– Ein av dei viktigaste føresetnadene for at innvandrarar skal kunne etablere seg i arbeidslivet og delta i samfunnslivet, er at dei kan norsk og har grunnleggjande kunnskapar om det norske samfunnet, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. Obligatorisk opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nykomne vaksne innvandrarar er innført frå 1. september i år.

Regjeringa har sett i gang fleire tiltak for å redusere arbeidsløysa og auke sysselsetjinga blant innvandrarar. Introduksjonsprogrammet, som blei obligatorisk frå 1. september i fjor, er ei omfattande og viktig reform i arbeidet med å integrere innvandrarar. Dette programmet skal gjere det lettare for innvandrarar å skaffe seg jobb og delta i samfunnslivet. Programmet blir utforma ut frå bakgrunnen til den einskilde og ut frå kvalifikasjonar og ønske for framtida, og skal vere eit program på fulltid i opptil to år. Deltaking i programmet utløyser rett til ein fast introduksjonsstønad.

Regjeringa har også sett i gang ordninga "Ny sjanse", som er retta mot innvandrarar som har budd lenge i landet, men som står utanfor arbeidslivet. Ordninga er ein del av regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom. Innvandrarar er også i målgruppa for dei målretta arbeidsmarknadstiltaka regjeringa har sett i verk.

Regjeringa har fått gjennomslag for ei ny lov som vil vere eit effektivt verkemiddel mot den diskrimineringa vi dessverre veit skjer i samfunnet i dag. Lova skal fremje likestilling, sikre at alle får dei same sjansane og har dei same rettane, og hindre diskriminering på grunn av etnisk eller nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion eller livssyn. Lova gjeld på alle samfunnsområde, også i arbeidslivet. Eit nytt Likestillings- og diskrimineringsombod og ei ny Likestillings- og diskrimineringsnemnd skal handheve fleire lovverk som gir vern mot diskriminering.

For regjeringa har det vore eit viktig mål å få barn av innvandrarar og unge innvandrarar til å delta meir i samfunnslivet. Som verkemiddel for å få til dette har regjeringa mellom anna satsa på å betre språkkunnskapane og kunnskapane om det norske samfunnet hos barna og foreldra deira. Regjeringa har også arbeidd for å få inn eit fleirkulturelt perspektiv i læreplanane og læremidla i skolen og i lærarutdanninga. Regjeringa har vidare styrkt foreldrerolla ved å gi rettleiing til foreldre og ved å betre samarbeidet mellom skole og heim. Oppfølginga av einslege mindreårige er også betra.

– Regjeringa har også aktivt kjempa mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Denne kampen må førast vidare, seier Erna Solberg.

Vidare har regjeringa vedteke å opprette Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), med oppstart frå 1. januar 2006. Siktemålet med å dele Utlendingsdirektoratet i to direktorat er å få til ein styrkt, meir koordinert og meir målretta innsats for å inkludere innvandrarar i det norske samfunnet.

– Regjeringa har gjort ein god innsats for at innvandrarar skal bli betre integrerte og i større grad delta i samfunnslivet. Det målretta arbeidet som er gjort, vil vi sjå resultat av i dei komande åra, avsluttar Erna Solberg.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.