Historisk arkiv

Samarbeidsregjeringa si satsing på kvensk språk og kultur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 262/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjettet 2006

Samarbeidsregjeringa si satsing på kvensk språk og kultur

- Samarbeidsregjeringa har gjennomført ei rad tiltak for å styrkje kvensk språk og kultur, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. I tillegg til å akseptere kvensk som eige språk, har regjeringa mellom anna revidert stadnamnlova, der vern av kvenske stadnamn er teke med som ein del av formålet med lova.

Utdannings- og forskingsdepartementet løyvde 500 000 kroner hausten 2005 til utvikling av læremiddel og kompetanse i kvensk språk. Det blir sett av midlar til dette formålet også i 2006.

Aktivitetane ved Kvæntunet i Porsanger er eit av dei fremste verkemidla for å styrkje kvensk språk og kultur. Regjeringa føreslår at tilskotet som blir gitt over budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet, blir auka med 1,7 millionar kroner i samband med at Kvæntunet no er i drift heile året, og til oppretting av ei språknemnd. Løyvinga til drift av Kvæntunet vil etter auken vere på om lag 3,3 millionar kroner i 2006.

Samarbeidsregjeringa ønskjer større kunnskap om nasjonale minoritetar hos folk flest i Noreg. Her er utdanningssystemet eit viktig verkemiddel. I den reviderte læreplanen for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er nasjonale minoritetar nemnt som læringsmål. – At dei nasjonale minoritetane er nemnde i læreplanen, vil medverke til å auke kunnskapen om kvensk språk og kultur, seier Erna Solberg.

Regjeringa har fått på plass kompensasjonsordningar for samar og kvener som tapte skolegang under andre verdskrigen, og som ei følje av fornorskingspolitikken heller ikkje fekk opplæring på sitt eige morsmål.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.