Samarbeidsregjeringa har satsa på kommunesektoren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 229/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjett 2006
Samarbeidsregjeringa har satsa på kommunesektoren
I Sem-erklæringa forplikta Samarbeidsregjeringa seg til å styrkje kommuneøkonomien og syte for realvekst i inntektsrammene i kommunesektoren. Trass i auka pensjonskostnader i 2002 og skattesvikt i 2003, er dette målet nådd.
I perioden frå 2002 til 2005 har realveksten i dei samla inntektene i kommunesektoren vore på 1,8 prosent i gjennomsnitt pr. år, medan realveksten i dei frie inntektene har vore på 1,0 prosent i gjennomsnitt pr. år.
Den økonomiske jamvekta i kommunesektoren blei klart forbetra i 2004. Netto driftsresultat for sektoren blei på 2,2 prosent av driftsinntektene i 2004, mot 0,6 prosent i 2003. Talet på kommunar i ROBEK (Register for betinget godkjenning og kontroll) har gått ned frå 124 i april 2005 til 88 ved utgangen av september 2005.
For Samarbeidsregjeringa har det vore eit viktig mål at kommunane sine inntekter i størst mogleg grad skal vere frie inntekter, slik at kommunane sjølve kan prioritere korleis eigne midlar skal nyttast. – Vi har derfor arbeidd målretta for å redusere talet på øyremerkte tilskot i regjeringsperioden, seier kommunal‑ og regionalminister Erna Solberg. Regjeringa har også forenkla statlege regelverk retta mot kommunesektoren, særleg innanfor skolesektoren.
Frå 2005 får kommunane ein del av selskapsskatten. Siktemålet er å gjere det meir attraktivt for kommunane å leggje forholda til rette for næringsutvikling.
Regjeringa har i heile perioden lagt vekt på å auke kommunane sitt handlingsrom og gjere kommunane meir effektive, mellom anna ved å leggje til rette for større valfridom og konkurranse. Det er teke initiativ til og gitt støtte til kommunale omstillings- og utviklingsprosjekt, mellom anna friare brukarval, friare brukarval, referansekommuneprosjektet og Stigfinnarprogrammet. Vidare er det utvikla ein nettbasert rettleiar som gir rettleiing i korleis kommunale tenester kan konkurranseutsetjast ( www.konkurranseportalen.no).
– Det er særs viktig å leggje til rette for modernisering i kommunesektoren for å sikre innbyggjarane eit godt tenestetilbod også for framtida, seier Erna Solberg.
I 2004 blei det innført ei generell momskompensasjonsordning for kommunesektoren som oppheva dei uheldige konkurransevridingane som tidlegare følgde av meirverdiavgiftssystemet. – Ordninga sikrar lik behandling av offentlege og private tenesteytarar, og kommunesektoren kan fritt velje dei løysingane som gir den best utnyttinga av ressursane, seier Erna Solberg.
Gjennom prosjektet Framtidas kommunestruktur, som Kommunenes Sentralforbund og Kommunal- og regionaldepartementet har gjennomført saman, har 413 av 433 kommunar vurdert kommuneinndelinga. Tre av fire kommunar er opne for at det bør skje strukturendringar i kommune-Noreg. Om lag 30 kommunar diskuterer no kommunesamanslåing. 10 kommunar har i perioden frå 2002 til 2005 slått seg saman eller vedteke å gjere det.
Departementet sende sommaren 2005 på høyring eit forslag til nye organisasjonsmodellar for interkommunalt samarbeid om forvaltningsoppgåver.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.