Regulert og styrt innvandring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 234/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjettet 2006
Regulert og styrt innvandring
Regjeringa har sett i verk ei rad tiltak på innvandringsfeltet.Hovudmåla har vore å få til ei regulert og styrt innvandring og å gi flyktningar vern.
Innvandringa til Noreg skal styrast for å sikre ei stabil økonomisk og sosial utvikling. Samtidig er innvandringspolitikken til regjeringa blitt utforma i samsvar med internasjonale forpliktingar, ut frå behovet for utanlandsk arbeidskraft og med sikte på tilrettelegging for kultur- og kunnskapsutveksling. For å halde asylinstituttet ved lag har regjeringa sett i verk ei rad tiltak for å redusere talet på asylsøkjarar utan behov for vern.
I 2001 utgjorde personar med grunnlause asylsøknader nær 40 prosent av alle som søkte asyl i Noreg, medan dei utgjorde under 7 prosent i 2003 og under 3 prosent i 2004.
Regjeringa har i løpet av stortingsperioden 2001 - 2005
- gjennomført tiltak for å redusere tilstrøyminga av asylsøkjarar utan behov for vern
- sett i verk informasjonstiltak i utlandet, mellom anna i Russland, Ukraina, Bulgaria og Serbia og Montenegro (inkludert Kosovo)
- differensiert behandlinga av asylsaker, med mellom anna ein 48-timarsprosedyre for søknader som truleg er grunnlause
- differensiert mottakstilbodet
- redusert pengestøtta for dei som har fått avslag
- innført ordningar for rask retur av asylsøkjarar som har fått avslag på søknad om asyl
- oppretta utreisesenter for personar med endeleg avslag på søknad om asyl som ikkje forlèt landet frivillig og ikkje kan returnerast med tvang av norske styresmakter
- oppretta forsterka mottaksavdelingar for å styrkje hjelpetilbodet til asylsøkjarar med særskilde behov
- innført aldersundersøking av asylsøkjarar som hevdar at dei er under 18 år
- styrkt tilbodet til einslege, mindreårige asylsøkjarar
- skjerpa underhaldskravet ved familieinnvandring og føreslått eit generelt krav om underhald ved familieinnvandring
- styrkt den politiske styringa på utlendingsfeltet
- starta arbeidet med ny utlendingslov
- innført meir fleksible reglar for arbeidsinnvandring
- gitt flyktningar vern
- sett kvoten for overføringsflyktningar til 1000 personar
- delteke i tett internasjonalt samarbeid
- sett i gang arbeid for ytterlegare å effektivisere utlendingsforvaltninga og redusere saksbehandlingstida
– Eg er svært nøgd med resultata av dei tiltaka regjeringa har sett i gang, og vi kan sjå at vi etter kvart har fått ei styrt og regulert innvandring i Noreg, seier Erna Solberg. Det gir større rom for vern for personar som treng det, og betre integrering av innvandrarar i det norske samfunnet.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.